Brudd er ikkje løysinga
IKKJE BRUDD: Å seia frå seg vigselsretten er ikkje den beste løysinga nå, meiner generalsekretær Karl Johan Hallaråker(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Vilhelm Viksøy Bør vi boikotta staten på dette feltet? Bør vi ta skeia i eiga hand i kyrkje og forsamling? er mellom dei spørsmåla generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, prøver å gje svar […]
IKKJE BRUDD: Å seia frå seg vigselsretten er ikkje den beste løysinga nå, meiner generalsekretær Karl Johan Hallaråker (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) |
Bør vi boikotta staten på dette feltet? Bør vi ta skeia i eiga hand i kyrkje og forsamling? er mellom dei spørsmåla generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, prøver å gje svar på i ein kronikk tysdag denne veka. Ei privatisering av ekteskapsinngåinga er noko han ser på med bekymring.
Eg tilstår at eg er redd konsekvensane av slik privatisering. Vi bør heller nå legga vinn på å halda på den offentlege kristne ekteskapsinngåinga i kyrkje og trussamfunn. Nå er ikkje tida til å seia frå seg den offentlege vigselsretten og tru at ein kan løysa problema innan kyrkjeretten, skriv Hallaråker i kronikken.
Ikkje gyldig
Dersom staten held det den har lova skal ikkje kyrkje og tvingast til å via homofile. Det skal dei avgjera sjølv, påpeiker Hallaråker.
Om ein får solovigsler i kyrkjeleg regi, er dei faktisk ikkje gyldige etter staten si forståing. Det er prinsipielt viktig. Difor vil min hovudstrategi nå vera å kjempa for at først og fremst Den norske kyrkja ikkje vedtek endring.
Difor meiner eg strategien nå er å støtta Kyrkjerådsleiaren som har vore svært positivt tydeleg om ikkje å endra liturgien på dette feltet!
To vegar
Dersom Den norske kyrkja skulle gjera ubibelsk fleirtalsvedtak og endra bibelsk ekteskapslære, kan derimot bruken av vigselsretten i Den norske kyrkja bli meir problematisk framover, innrømmer Hallaråker. I så fall ser han for seg to løysingar, anten å kombinera vigselsretten med klar tale om bibelsk ekteskapsforståing i (andre?) trussamfunn, eller å inngå ekteskap statleg for den offentlege og juridiske sida, og så ha ei markering i den truande forsamlinga med klar forkynning om bibelsk ekteskapsforståing og kristen forbønn for dei nyvigde.
Staten er viktig
For i kampen mot staten si nye ekteskapsforståing, er det viktig for Halaråker å halda fast ved saten sitt prinsipielle mandat som stat, jfr. Rom.13.
Bibelen gir staten eit prinsipielt mandat som heilt klart ikkje er avgrensa til ein kristen stat eller ein stat som etterkjem kristne sine vurderingar. Difor åtvarar eg mot å undergrava staten som stat i kampen for å få tilbake ekteskapet mellom mann og kvinne.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!