Forsamlinga som familie

 UTFORDRING:Korleis inkludera alle generasjonar i forsamlinga, er spørsmålet Forsamlingskonferansen vil stilla.(ILLUSTRASJONSFOTO:SAMBÅNDET/ARKIV Av Øystein Lid Det begynte med at Karen Sofie Romarheim sette spørsmålsteikn ved bedehusfolkets manglande evne til å inkludera alle generasjonane på fjorårets Forsamlingskonferanse. Ulike folk tok til å spinna vidare på hennar tanke, blant dei Lisbeth Hjortland som i førre utgåve av Sambåndet […]

  
UTFORDRING:
Korleis inkludera alle generasjonar i forsamlinga, er spørsmålet Forsamlingskonferansen vil stilla.
(ILLUSTRASJONSFOTO:SAMBÅNDET/ARKIV

Av Øystein Lid

Det begynte med at Karen Sofie Romarheim sette spørsmålsteikn ved bedehusfolkets manglande evne til å inkludera alle generasjonane på fjorårets Forsamlingskonferanse. Ulike folk tok til å spinna vidare på hennar tanke, blant dei Lisbeth Hjortland som i førre utgåve av Sambåndet spurte spørsmålet «Hva hjelper det om barn og unge blir kjent med Jesus og tror på han, men så mister vi dem før de når målet?»
 – Barnearbeidet kan ha ein tendens til å verta ein stat i staten, seier Asle Hetlebakke, som har vore med på planlegginga av Forsamlingskonferansen. Utfordringa i å unngå at dei unge vaksne forsvinn ut er blant dei tema som konferansen vil ta opp.

Ein familie.
– Me har hatt to tankar med valet av temaet «En forsamling for alle?». Det fyrste er at det er dette me alle ynskjer. Men me kan stundom verta så sære, og ha eit så trongt nålauga at det ikkje er slik i praksis, seier Runar Landro, som sit i Forsamlingsrådet.
– Er det noko gale i at ungdommen lagar sine eigne ungdomsmenigheiter?
– Lat meg seia det annleis: Korleis kan me bevara ungdommen på vegen til himmelen? Viss det er sektor-menigheiter som gjer dette best, ja, då gjer me det. Men no syner undersøkingar me har gjort at ungdommane forsvinn ut av bedehuset i stadig yngre alder. Før hadde me dei til dei var 17-18 år før dei forsvann ut. Så for dei rundt konfirmasjonsalderen. No fær dei ut allereie ved 9-11 års alderen. Me vil fokusera på at bedehuset skal vera noko felles; at me er ein familie.

Bibelens modell.
– Og Bibelens modell er vel også at «me er alle eitt i Kristus»?
– Ja, i Bibelen ser me det heile vegen at Gud er ein Gud for alle generasjonar. Han er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Der har du tre generasjonar, og ei slik inkluderande, heilskapleg tenking må me også ha. I Nye Testamentet har du den fl otte forteljinga om Paulus og Silas i fengselet, og fangevaktaren som vart frelst, og døypt med heile sitt hus. Det same ser du i forteljinga om Kornelius, som fekk døypt heile sin utvida familie. Difor må me også inkludera alle generasjonar, seier ImF-konsulent Landro.

27. mars.
Meir om denne tematikken kan dei som dukkar opp på Bildøy den 27. og 28. mars få høyra. Blant ressurspersonane som kjem for å belysa tematikken er generalsekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag, Kåre Rune Hauge.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.