Folk søker frelse i Åsane

MARIT OG IRENE: Møteserien i Åsane gamle kirke er eit samarbeidsprosjekt mellom fem bedehus, og resultatet har vore svært godt, med fulle hus fleire av kveldane.(FOTO: STINE BRYNESTAD) Av Øystein Lid Møteserien med Marit og Irene i Åsane har dratt fulle hus dei to vekene han har pågått, med to vekers mellomrom. – Me opplever […]

 
MARIT OG IRENE: Møteserien i Åsane gamle kirke er eit samarbeidsprosjekt mellom fem bedehus, og resultatet har vore svært godt, med fulle hus fleire av kveldane.
(FOTO: STINE BRYNESTAD)

Av Øystein Lid

Møteserien med Marit og Irene i Åsane har dratt fulle hus dei to vekene han har pågått, med to vekers mellomrom.
– Me opplever menneske som søker frelse. Dette er ei spesiell tid, og me skjønar at Gud arbeider mellom oss, seier Irene til Sambåndet.
– Betyr det at det er nokon som konkret har omvendt seg?
– Ja, det har faktisk det, utan at eg har tal. Ein person som omvendte seg, sa at «eg har ikkje barnetrua mi lenger. Eg veit heilt sikkert at eg må gi meg over, og ta i mot Jesus. Det er han som kan tilgi og gjenoppretta», fortel Irene.

Bilulukka.
I helga var det også ein bibelskule-elev frå Bildøy som var med og heldt vitnesbyrd i Åsane. Stine Brynestad (26) fortalde om si omvending til kristen tru etter å ha kome som fyrste person til ei bilulukke.
– Det var i november 2005. Eg skjønte at eg ikkje var klar til å døy, at eg ikkje hadde mi sak i orden. Jesus kan koma plutseleg igjen, og då må me vera reiseklare når det skjer. Det var det eg sa i mitt vitnesbyrd, fortel Brynestad til Sambåndet. Irene kan fortelja at dette vitnesbyrdet sette sitt preg på forsamlinga.

Artikkelen held fram under biletet

 
STINE OG IRENE: Elev på Bildøy Bibelskule, Stine Brynestad, heldt vitnesbyrd på laurdagsmøtet i Åsane gamle kirke. 
(FOTO: PRIVAT)

Fem bedehus
Møteserien er eit samarbeidsprosjekt mellom fem ulike bedehus; Mjølkeråen, Tertnes, Kyrkjekrinsen, Haukås og Hordvik, noko som har vore ein viktig faktor i den vellukka gjennomføringa.
– Tilbakemeldingane me har fått frå kristenfolket her, er at dei opplever det godt å kunne dra lasset i lag, seier Marit Stokken, og legg til at det har vore stappfullt i kyrkja enkelte kveldar.
– I helga opplevde me frelsesmøte, og det er jo det største. Difor har me bestemt å halda fram møteserien med ei ekstra veke.
– Og oppskrifta er den same som alltid?
Ja, me syng og vitnar om Jesus; det er Han det handlar om, veit du. Og no er me spent på nye dagar, seier Marit Stokken.

Også i Os
I byrjinga av mars var ho også på Os nokre dagar og var saman med elevane på Kongshaug musikkgymnas.
– Ungdom er ungdom! Det var berre ei oppleving å få vera saman med dei og møta Jesus i lag. Nokre tok i mot Jesus og vart frelst også, fortel ho.

 
(FOTO: EGILL J. DANIELSEN)
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.