NLA-høgskolane blir slått saman
SAMANSLÅING: Studentrepresentantane Maria Johnsen (NLA Lærerhøgskolen)og Fredrik Stormark (NLA Høgskolen) saman med rektorane Bjarne Kvam (t.h.) og Egil Morland (nr. 2 f.v.). FOTO: MARIT HOMMEDAL/KPK. Frå 1. januar 2010 blir høgskolane slått saman, men ei samlokalisering blir ikkje aktuell i første omgang. Det vil bli arbeidd vidare med tanke på å finne ei eigna lokalisering […]
SAMANSLÅING: Studentrepresentantane Maria Johnsen (NLA Lærerhøgskolen)og Fredrik Stormark (NLA Høgskolen) saman med rektorane Bjarne Kvam (t.h.) og Egil Morland (nr. 2 f.v.). FOTO: MARIT HOMMEDAL/KPK. |
Frå 1. januar 2010 blir høgskolane slått saman, men ei samlokalisering blir ikkje aktuell i første omgang. Det vil bli arbeidd vidare med tanke på å finne ei eigna lokalisering som kan romme begge skolane.
– Universitets- og høgskolesektoren er i endring i retning av større og meir slagkraftige institusjonar. Eit fusjonert NLA er eit signal om at tida er moden for ei ny gjennomtenking av kva for rolle kristne høgskolar kan og bør spele på denne arenaen i notid og framtid. Ein fusjon tvingar oss til å klargjere vegval og strategi. Det kan vere smerteleg, men og vere med å fornye kall og teneste, seier rektor Bjarne Kvam ved NLA Lærerhøgskolen i ein kommentar.
Kollegaen hans, Egil Morland ved NLA-høgskolen, kommenterer fusjonsvedtaket slik:
– I og for seg er det inga stor sak at NLA fusjonerer med NLA. Likevel er det viktig at dette skjer. Dersom vi skal sette sjøbein mot framtida, treng vi eit større studentgrunnlag og eit breiare fagleg tilbod. Det kan dei to skolane gi kvarandre. Saman blir vi sterkare, men høvet må brukast positivt og kreativt. Vi går ingen radikalt ny veg med dette. Tvert imot er det slik vi trur at vi best kan realisere visjonen bak NLA. Vi vil at kristen tru og tanke skal få prege alle delar av samfunnet også i dei turbulente tidene vi no ser konturane av, seier Morland.
Dei to NLA-høgskolane (NLA Høgskolen og NLA Lærerhøgskolen) har ca. 1400 studentar og 120 tilsette. Samla budsjett for inneverande år (2009) er på vel 100 millionar kroner.
Den nye NLA-høgskolen er eigd av seks organisasjonar innan Den norske kyrkja. (Det Norske Misjonsselskap, Norsk Luthersk Misjonssamband, Normisjon, Indremisjonsforbundet, Norsk Søndagsskoleforbund og Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag). KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!