Familie & Medier får ny generalsekretær
Øystein Lid Hammerstad fekk tilbodet om stillinga etter førespurnad frå styret i Familie & Medier (FOM) tysdags kveld. Den avtroppande generalsekretæren, Geir Magnus Nyborg (58), fråtrer offisielt 31. juli og går inn i stillinga som prorektor og førsteamanuensis ved Mediehøgskolen Gimlekollen. Eg trur eg kjem til å takka ja til stillinga, sa Bjørn Olav […]
Hammerstad fekk tilbodet om stillinga etter førespurnad frå styret i Familie & Medier (FOM) tysdags kveld. Den avtroppande generalsekretæren, Geir Magnus Nyborg (58), fråtrer offisielt 31. juli og går inn i stillinga som prorektor og førsteamanuensis ved Mediehøgskolen Gimlekollen.
Eg trur eg kjem til å takka ja til stillinga, sa Bjørn Olav Hammerstad til Vårt Land etter at styret i FOM hadde sagt sitt. Han har erfaring som informasjonssjef i Levende Ord Bibelsenter Bergen, der han også jobba som bibelskulerektor i ein periode. Det siste året har Hammerstad jobba som rådgivar i FOM, kombinert med studier i Retorikk.
Utlysing likevel
Viss han endeleg takkar ja til jobbtilbodet, skal stillinga likevel lysast ut. I utlysingsperioden vil Hammerstad fungera som dagleg leiar fram til 1. august. Hammerstad vil også søka på stillinga som generalsekretær
Eg har jobba i Familie & Medier i start eitt år, og eg vil halda fram med den jobben eg har gjort, kommenterer Hammerstad.
NY GENERAL: Bjørn Olav Hammerstad (35) tar etter alt å dømma over som generalsekretær i Familie & Medier. (FOTO:ØYSTEIN LID)
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!