Jesus elskar alle borna

 FARGEKLATTAR: – Her er jeg, Jesus! syng dei 70 ungane som er på Fargeklatten den fyrste morgonen av GF09. (FOTO:ØYSTEIN LID) Av: Øystein Lid Følg med på GF LIVE frå Træffhuset i Molde på denne adressa. Det er fyrste dagen av Fargeklatten, opplegget som finst for born på GF09. Ungar ligg spreidt på golvet og […]

  
FARGEKLATTAR: – Her er jeg, Jesus! syng dei 70 ungane som er på Fargeklatten den fyrste morgonen av GF09. (FOTO:ØYSTEIN LID)

Av: Øystein Lid

Følg med på GF LIVE frå Træffhuset i Molde på denne adressa.

Det er fyrste dagen av Fargeklatten, opplegget som finst for born på GF09. Ungar ligg spreidt på golvet og teiknar fyrste halvtimen. Fargar i små hender teiknar sommarfuglar, regnbogar, hus og hjarter. Gutane spring høgt og lågt, gjennom gummiringar og klatrar opp i vindauga. Det er som ein barnehage der ingen kjenner kvarandre enno.

Spøkelset
– Er det nokon av dykk som har vore redde nokon gong? spør Solfrid Time, som held andakt for dei rundt 70 ungane mellom 3 og 8 år. Dei fleste hendene går i været.
– Disiplane til Jesus vart også redde når dei sat i båten, og det kom veldig sterk vind. Då ser dei Jesus på sjøen, men trur han er eit spøkelse! fortel Solfrid, og ungane ler undrande av det rare ho fortel. Ved hjelp av bibeldokker fortel ho om Peter som ville gå på vatnet bort til frelsaren, men tek til å synka så snart han ser på dei sterke bølgene under han.

Sjå på Jesus
– Peter vart så opptatt av det rundt seg at han gløymde Jesus. Men han fann på noko lurt, er det nokon som hugsar kva han sa?
Eit par gutar ropar ut noko som liknar på «hjelp meg!», og Solfrid seier «Herre, frels meg!» I det same hoppar Jesus-dokka ut or legobåten og ramlar ned i sjøen, men Solfrid held berre fram etter at ungane har slutta å fnisa.
– Jesus kan frelsa oss og kan hjelpa deg til å tørra nye ting. Å få ein ny venn, kanskje? spør ho. Det skal det verta rikelege sjansar til etterpå når alle ungane reiser for å møta dyr og fiskar på Eriklia gård. Men fyrst ber alle i lag om at Jesus må halda dei trygge på turen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.