Kurt Urhaug sluttar

– Eg trives veldig godt både med oppgåvene, arbeidet og folket, men etter ti år som kretssekretær kan det vera greitt å sleppa nye krefter til, seier Urhaug. Før han vart kretssekretær var han både områdearbeidar og ungdomssekretær i kretsen i ti år. I tillegg har han fire års fartstid i Romsdal Indremisjon. Urhaug blir […]

 

– Eg trives veldig godt både med oppgåvene, arbeidet og folket, men etter ti år som kretssekretær kan det vera greitt å sleppa nye krefter til, seier Urhaug. Før han vart kretssekretær var han både områdearbeidar og ungdomssekretær i kretsen i ti år. I tillegg har han fire års fartstid i Romsdal Indremisjon.

Urhaug blir frå nyttår medredaktør i bladet Evangelisten der han allereie har eit engasjement, og tar over heile redaktøransvaret frå 2012.
– Dette er ei utfordring som har lege der lenge og modnast fram. Når det nå vart konkret, var det vanskeleg å seia nei, seier Urhaug. Midthordland Indremisjon har sett ned ei arbeidsgruppe under leiing av kretsformann for å finna ny kretsleiar.

SAMBÅNDET
 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.