Ny bibelomsetjing til forfølgde kristne i Iran

300.000 eksemplar av den nye bibelomsetjinga på moderne persisk skal sendast til kristne i Iran. Det var Elam Ministries, ein misjonsorganisasjon for den veksande kyrkja i Iran, som nyleg publiserte den nye omsetjinga i samarbeid med bibelomsetjarar frå Wycliffe, skriv Christian News Journal. – Dette prosjektet er som å oppdra eit barn. Det har vore […]

300.000 eksemplar av den nye bibelomsetjinga på moderne persisk skal sendast til kristne i Iran.

Det var Elam Ministries, ein misjonsorganisasjon for den veksande kyrkja i Iran, som nyleg publiserte den nye omsetjinga i samarbeid med bibelomsetjarar frå Wycliffe, skriv Christian News Journal.

– Dette prosjektet er som å oppdra eit barn. Det har vore 18 år med hardt arbeid, men er verdt det for ein så spennande dag, sa pastor Dr. Mehrdad Fatehi, koordinator og sjefredaktør for den nye bibelomsetjinga.

Elam vart grunnlagt i 1990 av leiande iranske kyrkjeleiarar med ein visjon om å tene den veksande kyrkja i Iran. På tidspunktet for den islamske revolusjonen i 1979 var det ikkje meir enn 500 kristne med muslimsk bakgrunn i landet. Trass i mykje forfølging har Iran truleg ei av dei raskast veksande kyrkjene i verda.

– Sjølv om lanseringa var gledeleg, er det trist at dette måtte skje utanfor Iran, sa Sam Yeghnazar, grunnleggjar og direktør for Elam.

– Dette beviser at den verdsvide kyrkja alltid vil bringe Bibelen til menneske, same kor «lukka» eit land er meint å vere, uttalte han.

Den nye omsetjinga skal gjere det lettare å omsetje fleire utgåver av Bibelen til Irans mange språk. Lanseringa fann stad i London og Istanbul siste veke i september. KPK

Les meir om forfølgde kristne: Nordisk misjonsråd med appell til medier og regjeringar  Kommentar frå utanriksministeren

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.