– Rolf bommar i kritikken

– Vi er godt kjende med fleire av Rolf sine synspunkt og meiner vi har lese grundig argumenta for og imot. Her er vi er rett og slett usamde, seier Erik Furnes.

Eit av punkta som derimot overraskar han, er påstanden om at ImF står i fare for å innføra eit nytt embete.

– Å påstå at vi innfører «eit embete» er å bruke ein terminologi som er fjern for oss. Vi er tydlege på at det allmenne prestedøme er berebjelken i vårt arbeid, men vi meiner det også er eit nytestamentleg anliggande å ha eit åndeleg leiarskap. Det er mange år sidan lovene for ImF, og også malane for krinsar og lokalforeiningane sine lover, synleggjorde eit særskilt åndeleg leiarskap. Eg har aldri før høyrt at dette skulle vere innføring av eit embete som er framand for indremisjonen! Dette har mellom anna skjedd som ei naturleg følgje av utviklinga i kyrkjelandskapet og behovet for å byggje sjølvstendige forsamlingar.

Tilsyn og prestar.
Påstanden om at det er biskopane, ikkje prestane, som har eit tilsynsan-svar, finn han også noko merkeleg.

– Om ikkje prestane ved sin ordinasjon går inn i ei rolle som hyrde og tilsynsmenn for sin kyrkjelyd, må vel debatten dei siste tiåra om kvinnelege prestar kvile på feilaktig premiss, og det er vel mildt sagt oppsiktsvekkjande, spør Erik Furnes retorisk.

Nattverden.
Eit anne innspel frå Rolf Kjøde er  forvaltninga av sakramenta. Her opnar ImF for at både kvinner og menn kan dele ut nattverd, noko som ifølgje Kjøde er nytt i ImF.

– Samtalane våre tok utgangs-punkt i det vi oppfattar som uheldig praksis i samband med nattverd i kvinnesamlingar, seier Furnes og fortel at ein tidlegare fekk tak i en mann til å forretta også i slike samanhengar. Han meiner dette slo beina under ei sunn forståing av tenestedelings-tanken i NT, for det gjev signal om at «berre det er ein mann, så er det greitt».

– Nei, det er ikkje greitt berre det er ein mann, for den særskilte lære- og tilsynstenesta i NT handlar om at nokre er kalla til denne tenesta fordi dei er eigna til det. Dette understreker vi fleire gonger. Etter kvart som vi samtalte om det prinsipielle i dette, kunne vi ikkje i tråd med formalprinsippet «Skrifta åleine» sjå at forvaltninga av nattverd berre er gitt til dei med særskilt lære- og tilsynsansvar, og det er grunnen til at det no står så ope. Om det er sakleg grunn for at vi tek feil her, vil vi sjå nærare på det, seier Furnes.

Ikkje debatterande.
At det er gjort for dårleg tekstarbeid, er også ein påstand som fell til jorda.

– Vi har lagt vekt på ein «forkynnande» form, ikkje debatterande. Skulle vi hatt grundig tekstutlegging, ville vi sjølvsagt brukt mange fleire sider, men det har vore eit mål i seg sjølv å skrive kortfatta slik at fleire vil ta seg tid til å lese, seier Erik Furnes som gjerne oppmodar folket til grundigare eksegetisk studie av tekstane, slik ein til dømes finn i boka «Fri til teneste».

Det same «lettleste» ynskje er og noko av årsaka til at ikkje alle tekstar vert like grundig eksegert inn i sin samanheng.

– Vi ser sjølvsagt desse skriftavsnitta i den samanhengen dei står, men fleire stader kjem vi, mellom anna av plasshensyn, berre med konklusjonen, ikkje ei total tekstutlegging. For nokre er dette sjølvsagt ikkje nok, men igjen, hensikta vår med dokumentet er altså å gje ei kortfatta uttale om kvar vi står i desse spørsmåla, understrekar Erik Furnes.

Tekst og kontekst.
At dokumentet ikkje les tekstane inn i sin samanheng og med det unnlet å spørja kva tekstane eigentleg handlar om, er og ein urimeleg påstand, meiner Erik Furnes.

– Vi argumenterer gjennom heile dokumentet for at nokre av desse skilnadane i teneste ikkje berre kan trekkast som konsekvens av den kulturen som NT-breva var skrive inn i. Difor meiner vi for eksempel 1. Kor 14,31 ikkje berre handlar om forstyrring av gudstenesta, seier Erik Furnes og gir ei lita utfordring tilbake:

– Rolf understreker med rette at det er skilnad på mann og kvinne, men det underlege er jo då at denne skilnaden ikkje på noko plan skal ha nokon praktisk konsekvens i den kristne forsamling. Når vi ser testamentet i sin samanheng, er det vanskeleg å sjå at det ikkje er ein slik skilnad.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.