Fast grunn under føtene
– Det gir eit heilt anna bilete å stå i lokala på denne måten, seier Erik Furnes
Torsdag 7. mai kom betongelementa. Fredag 8. mai var ImF-leiar Erik Furnes invitert på kaffe i ImFs nye administrasjonbygg.
– Det ser veldig bra ut, seier han, sjølv om byggkompetansen er relatert til andre byggmateriale.
– Eg har arbeidd mest med treverk, ikkje så mykje betong og støyp, seier Erik Furnes mens han freistar i å halda varmen ved hjelp av kaffekoppen.
Den kaffen var servert at formann i Straume Forum, Atle Våge.
– Me er så godt som i rute, berre ein dag etter skjema, seier ein nøgd «byggesjef».
Det betyr at alt reis-arbeidet i stål og betong skal vera avslutta juni 2015. Då ventar innearbeid fra 1. august og ut juni neste år, før siste etappe med klargjering til innflytting hausten 2016.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!