Vrang eller usunn lære?
På same måte som det er skilnad på å ete gift og å ete usunn mat, bør vi vere nøyaktige med å karakterisere kva som er vrang lære og kva som er usunn lære, sjølv om det ikkje alltid er lett å sjå skilnaden.
Vrang lære er å tale usant om Gud, og å lære noko som fører menneske vekk frå ei sann og frelsande tru. Det handlar ikkje minst om å velsigne det som er imot Guds vilje, for det fører til at menneske lever i sjølvbedrag.
Vranglære skadar den kristne forsamling. Paulus seier det slik i Apg 20:29 ”Eg veit at når eg har gått bort, skal det koma glupande ulvar inn mellom dykk, som ikkje sparer hjorda.” (sjå også 1.Tim 6:3; 2.Tim 2:16; 2.Pet 2:1; 1.Tim 4:1). Dersom vranglære ikkje vert stoppa, vil den spreie seg og gjere meir skade, og opnar ein for vrang lære på eitt punkt, kan ein vanskeleg hindre at det også skjer på andre punkt. Jo lenger ulvane får vere i fred, jo meir skade vil dei gjere. Mange leiarar som formidlar vrang lære, har tidlegare vore talsmenn for sunn lære, men er forført av annan påverknad.
Derfor held Jesus og apostlane kyrkjeleiarar ansvarlege for å ta oppgjer med vranglære. I Op 2:20 seier Jesus: ”Men eg har imot deg at du toler kvinna Jesabel, ho som seier at ho er ei profetinne, og som lærer og forfører tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.” (sjå også Titus 1:16; Op.2:14).
Usunn lære handlar om å påføre trua mangelsjukdomar og feil vektlegging, noko vi peiker på i “Synspunkt”. Bibelen fortel oss også at vi fort kan kaste bort tid og energi i endelause kontroversar, i staden for å gjere verdifullt oppbyggjande arbeid i Guds rike (2.Tim 2:23; Tit 3:9). Derfor må Jesus Kristus og Ordet om korset vere referansepunktet for at vår tru skal vere sunn.
Vi må også minne kvarandre om at for stor vektlegging av det som er vrangt og usunt, i seg sjølv kan bli usunt. Ein del kristne er nemleg veldig opptekne av å åtvare mot vrang lære, og brukar mykje ressursar og spaltemillimeter på å adressere det falske i andre si forkynning og rettleiing. Vårt primære kall er at vi sjølve forkynner det sunne og oppbyggjelege, slik at menneske kjem til tru. Lat oss vere eit misjonsfolk som er mest kjend for å la lyset frå Golgata skine for menneska som vandrar i mørket.
Ja, men samtidig skal vi holde Sannheten frem,Guds Ord. Når usannheter blir forkynt ,hvem skal da advare mot vranglære,om vi ikke alle tar det ansvaret. Kan ta som eksempel dei kristne tv- kanalane. Fleire av deira forkynere har blitt sterkt kritisert både for forkynnelse og for åndsmanifestasjonar på tv overførte møter. Om ikke den enkelte tar sitt ansvar ,som kristen, og advarer mot det som ikke finnes belegg for i Guds Ord,hva sitter vi da igjen med? Jeg savner selv en tydelighet i mange sammenhenger på hva Ordet sier,kontra hva som presenteres som «sannhet» men som ikke er belegg for i Guds Ord.