Kvir seg for styreverv
Kristne organisasjonar rapporterer at det er lettare å rekruttere deltakarar til aktivitetar enn det er å finne folk som vil forplikte seg til styreverv.
Det opplyser generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen. Indremisjonsforbundet er blant medlemsorganisasjonene i dette samarbeidsforumet.
Få stiller til val
Ei undersøking Kristelig Pressekontor (KPK) har utført, viser at mange kristne organisasjonar har få kandidatar på røystesetlane for val til landsstyre eller liknande styrande organ.
I undersøkinga kjem det fram at det i fleire organisasjonar berre er foreslått eitt namn i sakspapira til val av styreleiar. Også i nominasjonane til andre styreverv er det fleire stader få eller ingen fleire enn talet plassar som skal fyllast.
Stian Slotterøy Johnsen synest fleire kunne lagt meir vekt på dei demokratiske prosessane.
– Eg skulle gjerne sett at det var enda meir søkelys frå organisasjonane på det å sitje i eit styre, kva det gir deg av høve, kunnskap og nettverk for eksempel, seier generalsekretæren i Frivillighet Norge.
– Vi er framtida
Eit tjuetals unge delegatar i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget) sit samla til kurset «Demokrati og påverknad» i forkant av organisasjonen si generalforsamling (GF).
Kurset skal gi dei yngste GF-deltakarane ei innføring i generelle demokratiske prinsipp, organisasjonsdemokrati og korleis generalforsamlinga fungerer.
– Eg har aldri vore på ei generalforsamling før. Det er absolutt nyttig at vi kan kome her og lære om demokrati. Det er jo vi som skal styre i framtida, og då er det viktig å forstå korleis det er, seier Astrid Strømme (14) som er med som delegat frå Haumyrheia ungdomsskolelag.
Astrids tremenning Øyvind Strømme (14), som er med som observatør frå same skulelag, er einig. Skulemedlemane er opptekne av at Laget er ein demokratisk organisasjon.
– Det blir feil dersom berre ein person skal fastsetje kva som skal skje i Laget. Det er bra at fleire får vere med og bestemme, seier han.
Silje Nordal Sylta er leiar for Lagets læringsarena Lagsakademiet og ansvarleg for kurset for ungdomsskule- og vidaregåandeelevane.
– Vi ønskjer at fleire skal engasjere seg på GF og kunne delta aktivt i avgjerdene. Vi ser òg behov for god opplæring i å drive demokratisk organisasjonsarbeid, seier ho.
«Rett kombinasjon»
På Søndagsskolen Noregs generalforsamling i sommar var talet kandidatar på røystesetelen likt med tal plassar som skulle fyllast i landsstyret.
– Det var eit val valkomitéen gjorde som dei meinte var mest nyttig. Mitt inntrykk er at det handla meir om å få den rette kombinasjonen av folk enn mengda villige kandidatar, fortel generalsekretær Gøran Byberg.
Han seier at denne måten å jobbe på for valkomitéen blei diskutert på generalforsamlinga, der det òg var mogeleg å kome med benkeforslag.
– Det kom somme kommentarar på at det burde vore gjort på ein annan måte, og det kjem det nok til å bli neste gong, seier han og legg til at det er lettare å få folk til å vere søndagsskoleleiarar enn til å sitje i regionstyra.
Slotterøy Johnsen meiner at sjølv om det er få kandidatar, betyr det ikkje nødvendigvis at organisasjonane har eit demokratisk problem.
– Dersom det er grundig prosess i framkant av valet, så kan det i mange tilfelle vere nok med éin kandidat når ein fyrst skal velje, seier han, men presiserer at det bør vere høve å kome med benkeforslag eller oppretthalde alternative kandidatar til verva under forhandlingane.
Vil ikkje binde seg
Frivillig-general Slotterøy Johnsen trur det er fleire ting organisasjonar kan gjere for å lettare kunne rekruttere styremedlemer.
– Det vi høyrer frå organisasjonar, er at det er lettare å rekruttere deltakarar til aktivitetar enn det er å rekruttere folk som vil forplikte seg til verv. Eg trur det handlar litt om kjensla av å binde seg for mykje, seier han.
– Organisasjonar bør vere tydelege når dei engasjerer til eit styreverv om kva ein går inn i, slik at forventingane samsvarer med realiteten. Dei bør legge vekt på at styrearbeid er noko givande og lærerikt, og at du får mange høve til å påverke som styremedlem, seier Slotterøy Johnsen.
– Tidkrevjande og keisamt
Under fjorårets generalforsamling til Misjonskirken Ung (tidl. Misjonsforbundet Ung) måtte vervet som andre vara til landsstyret blir føreslått frå salen. Det var ikkje nok personar til å fylle alle verva.
– Det er nok mange potensielle kandidatar som opplever at dei har manglande kompetanse, at det tek mykje tid, og at det er keisamt. I tillegg er det forventingar om å betale for reisene sine sjølv, seier dagleg leier Svein Aksel G. Nakkestad.
Han fortel at organisasjonen har teke somme greip som truleg vil gjere styreverva meir attraktive.
– Vi har køyrt kursing av styret i starten av dei to siste styreperiodane. Vidare har vi kutta mest mogeleg i saker som ikkje er på eit overordna strategisk nivå og halvert møtetida, fortel han.
Misjonskirken Ung legg òg alle styremøta til viktige arrangement i organisasjonen.
– Det skal gi masse påfyll og vere gratis å vere med i styret vårt, seier Nakkestad.
Vil skape medvit
Silje Nordal Sylta i Laget ønskjer at kurset «Demokrati og påverknad» skal vise at styreverv kan vere givande og lærerikt
– Vi ønskjer at dei som aldri før har delteke på ei generalforsamling, skal kunne stille på lik linje i forhandlingane som dei som har vore med mange gonger før. Vi vil at deltakarane skal sjå fallgruvene i eit demokrati og ønskjer å vise dei både fordeler og ulemper med systemet, seier ho.
– Eg trur mange ville engasjert seg meir dersom dei hadde fått meir opplæring og forstår korleis det fungerer, seier Nordal Sylta. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!