Vil laga alternative sommarstemne

(Korona) Pinserørsla satsar på å flytta mange av sine sommarstemne over på digitale flater i 2020.

Det er i ei pressemelding frå Pinserørsla i Noreg at dette kjem fram.

– Barn, unge og vaksne skal få ein god pakke av forkynning og musikk dei kan følgja frå hytta, båten eller sofakroken heime, seier Øystein Gjerme, leiar i Pinserørsla i Noreg.

Det er koronapandemien og restriksjonar i kor mange som kan samlast, som gjer at sommarstemna ikkje kan haldast som normalt.

Har hausta erfaringar

– Det er ei heilskapsvurdering som er gjort rundt valet om å finna alternativ til å møtast fysisk til store stemne i sommar. Vi har sett på uvisse rundt om det blir tillate å møtast, ansvaret for smittespreiing og praktiske avklaringar rundt planlegging og medarbeidarar, seier Gjerme.

Sommarstemnet, Barnas Sommarfestival og Ufestivalen får dermed andre alternativ i dei same vekene dei opphavleg var planlagt for.

– Vi trur det er viktig å halda fast på tidspunkta for når det skulle vera festival. Det bidrar til konsentrasjon og merksemd på at det er no det skjer, seier Gjerme til Kristelig Pressekontor.

Han fortel at digitale påskesamlingar og gudstenester har vist dette.

– Vi høyrer frå mange at dei har følgt desse saman med familien, nettopp fordi dei har føregått på dei tidspunkta dei normalt ville samlast i fellesskapa, seier han.

Vil ikkje hoppa over

Gjerme presiserer at dei vil gå tilbake til vanlege sommarstemne igjen til neste år, men at dei digitale alternativa gjer at dei ikkje treng å hoppa over eit år.

– Vi har gjennom fleire veker no hausta gode erfaringar med digitale gudstenester, konsertar og søndagskole. Vi tar med oss desse gode erfaringane inn i stemnesommaren, som eit alternativ til at vi ikkje kan møtast fysisk i store grupper, seier han.

Pinseleiaren går med på at det er mykje som likevel går tapt.

– Sommarstemnet og Ufestival er viktige fordi folk frå heile landet får komma saman og dela fellesskap. Nettverksbygginga og noko av fellesskapskjensla mistar vi, men vi prøver etter beste evne å laga gode alternative plattformer, seier Gjerme.

Han trur særleg ungdommane vil føla på at det er veldig lenge til neste sommar når dei kan møtast igjen.

Ser på alternativ

Komiteane for dei ulike stemne og festivalar har allereie byrja å jobba med alternativa.

Geir og Linn Byberg, som er leiarar for Sommarstemnet med Barnas sommarfestival og Tenfestivalen på Hedmarktoppen, fortel at dei vil setja saman ein god pakke for både vaksne og barn.

– Vi trur at dette kan gi moglegheit for langt fleire til å følgja stemna våre, seier Geir Byberg i pressemeldinga.

Ufestivalen ser òg på ulike moglegheiter til korleis dei kan skapa gode og spennande møteplassar for tenåringane, både i sommar og resten av året.

– Vi ser på digitale løysingar og jobbar òg med korleis vi kan ha regionale mindre treff utover hausten, seier festivalsjef Sandra E. Bjørnø. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.