Lovsong til jul
LEDER Inkarnasjonen som vi feirar i julehøgtida – at Gud ved Jesus blei menneske – har ei lang forhistorie.
1307 teikn formar 247 ord i éi setning. Det er som om Paulus ikkje trekkjer pusten i innleiinga til Efeserbrevet. Versa 3–14 i kap. 1 utgjer på gresk éin lang periode.
Kjell Arild Pollestad set den poetiske prosateksten opp med berre eitt punktum i si omsetjing til bokmål (Bibel 2023). Slik er også versa forma på førstesida av Sambåndet 8/24.
Inkarnasjonen som vi feirar i julehøgtida – at Gud ved Jesus blei menneske – har ei lang forhistorie. «… før verdens grunnvoll ble lagt», i tida før skapinga, skjer det noko i Guds himmel. Gud utvalde menneska til noko – til å «stå hellige og plettfrie … for hans åsyn.»
Og som Gud velsigna dei første menneska i Edens hage, har han «velsignet oss i Kristus med all åndelig velsignelse». Verken velsigninga på jorda eller i himmelen er trekt tilbake.
For Gud har «eslet oss», tiltenkt eller «forut bestemt oss», «til å få sønnekår hos seg ved Jesus Kristus». Sjølv om Gud berre han éin «biologisk» son, ser Gud oss som søner, fordi vi – menn som kvinner – er i hans son Jesus.
Sjølv om Gud berre han éin «biologisk» son, ser Gud oss som søner, fordi vi – menn som kvinner – er i hans son Jesus
Denne stillinga i Kristus kviler ikkje på noko ved oss sjølve. Det ligg i Guds vilje og velsigning, peikar Paulus på, og det er «hans (Guds) nådes herlighet til lov og pris». For det er nåden som Gud «har skjenket oss» gjennom Jesus, som gjer at vi kan syngja med i denne lovsongen. Gjennom Jesus forsonande blod (v.7), og berre det, har vi forløysinga og tilgjeving for syndene.
Då Gud gav denne «gode beslutning» til kjenne, gjennom forbilde i GT og openberra i Jesus i NT, var det som om han let nåden «regne over oss i strømmer av visdom og forstand», målar apostelen vidare. Nåden er uttrykk for Guds visdom, ikkje den menneskelege som Adam og Eva valde, og som førte til at synda kom inn i verda.
Den tredje personen i guddommen er pantet på arven vår, forlovingsringen som varslar om eit bryllup i nær framtid.
Gjennom Jesu kome og frelsesverk blei Guds vilje fullført. Det gav oss arverett i himmelen, for at også vi skulle vera «hans herlighet til lov og pris» (v.12 jfr. v.6).
Det var trua på dette «sannhetens ord» som førte oss inn i stillinga i Kristus. Og stillinga er sikra, fordi vi er del av «hans eiendomsfolk», merka med Den heilage ande i eit heilagt løfte. Den tredje personen i guddommen er pantet på arven vår, forlovingsringen som varslar om eit bryllup i nær framtid. Gud skal «sammenfatte alle ting i Kristus».
Velsigna julehøgtid!
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!