Innlegg

Tek fri frå lærarjobben for å dele songgleda i Israel

Sunnmøringen Anne-Marthe Lillebø (33) har bestemt seg for å ta eit halvt år fri frå lærarjobben ved Danielsen barneskole på Sotra utanfor Bergen for å vere volontør for Israelsmisjonen.

– I fjor vinter snakka eg med Israelsmisjonen om det å vere volontør i Israel eit halvt år. Eg hadde nok trudd at det kom til å bli med samtalen, for eg hadde litt for mange ting som måtte leggje seg til rette viss eg skulle reise, fortel ho til KPK.

Stortrivst med song

Sjølv om det var mange ting som skulle klaffe, brukte ho mykje tid i bøn.

– Eg sa til Gud at viss dette var hans vilje, så måtte ting ordne seg. Ein etter ein ting la seg til rette, og eg fekk verkelig merke at Gud hadde ein plan for meg i Israel, fortel Lillebø.

Ho starta utdanninga si for å bli lærar hausten 2004. Det inkluderte årsstudium i musikk og i kristendom. I 2008 tok ho årstudium i interkulturell forståing ved NLA i Bergen og fekk reise til Etiopia og Kenya.

I 2009 studerte ho kristne og muslimske relasjoner i Aust Afrika og reiste til Zanzibar for å drive feltarbeid. Ho vart uteksaminert i 2010, og det første året etter studiet jobba ho som barne- og familiepastor i Salem Bergen.

– Eg stortreivst med å jobbe med barn og unge, og derfor begynte eg å jobbe som lærar i 2011. I Bergen er eg aktiv i Salem Bergen. Der er eg med som lovsongsleiar og er også med i ei vokalgruppe som heiter Redeemed.

Lærerikt

Sjølv om ho saknar både elevane, medarbeidarane, forsamlinga, familie og venner, så kjenner ho at ho er på rett stad. Ho er spent på å sjå kva Herren har i vente for henne og korleis Han vil bruke henne dei seks månadene ho skal vere i Israel.

– Korleis har dette vore så langt?

Det har vore kjempespennande, lærerikt og utrulig kjekt. Eg stortrivst med å vere volontør i Immanuelkirken og kjenner meg heldig som får jobbe saman med ein fantastisk gjeng.

Som volontør er arbeidsopppgåvene varierte. Lillebø er med i lovsangsarbeidet i kyrkja, har ansvaret for barnekyrkja og skal vere frivillig ein dag i veka i den kristne bokhandelen i Tel Aviv.

I tillegg er det mye praktisk arbeid i samband med ting som skjer i forsamlingshuset og gudstenestene laurdag og søndag, seier ho.

Kyrkjeorgel

– Korleis ser det ut rundt kyrkja?

I gata vår ligg kyrkja, forsamlingshuset, Beit Immanuel og nokre andre hus. Ei fin og rolig gate i eit stilig og urbant nabolag.

I veka har dei open kyrkje der ein kan komme innom for å sjå den nydelige kyrkja deira. Der er det flotte glasmåleri og det største kyrkjeorgelet i området.

I Noreg er kyrkjeorgel heilt vanlig, men det er det ikkje her. I helgene er det gudsteneste laurdag klokka 11, på hebraisk og engelsk, og søndag klokka 10, på engelsk. I tillegg til dette har vi innimellom konsertar i kyrkja. Vi har aktivitetar andre dagar i veka også, bibelstudie både på hebraisk og engelsk, og Young Adults, men dette føregår i forsamlingshuset.

Gir Gud full kontroll

Fritida til Anne-Marthe har så langt gått med til å bli kjent i området, bli kjent med jentene ho bur med, og menneska i kyrkja.

– Korleis er det å leve i storbyen Tel Aviv?

Det er spennende og kjekt å bu i Tel Aviv. Mange nasjonalitetar, religionar og  kulturar er samla i ein by. Det har blitt veldig verkeleg for meg at det er viktig at vi gjev Gud full kontroll på liva våre. Vi vil så gjerne sitte i førarsetet og styre kursen sjølv. Men Gud veit kvar vi skal, seier Lillebø.

– Er det nokre nordmenn innom kyrkja?

Vi har norske grupper som er innom på besøk, men på gudstenestene er det ei god blanding av alle nasjonalitetar.

Det er ikkje fyrste gong ho har vore i Israel. Allereie i 1994 tok ho og systera hennar ned til Israel.

Sidan har eg vore i Israel mange gongar og har blitt veldig glad i landet og menneska, fortel Anne-Marthe Lillebø. KPK

Syng Hauge sine songar

I dag kjem Anne-Marthe Lillebø til heimlege trakter for å bidra med song på årets Haugeseminar på Herøy på Sunnmøre.

Anne-Marthe Lillebø frå Gursken i Sande kommune er til dagleg lærer ved Danielsen barne- og ungdomsskule på Sotra utanfor Bergen.

Hans Nielsen Hauge var ein inspirerande og banebrytande mann, verkeleg eit førebilete for oss i dag. Han møtte menneske der dei var, ofra alt han eigde og følgde kallet. Uansett kvar han kom, var han medviten om at tid, krefter og pengar høyrde Gud til. Han hjelpte til der det var behov, for eksempel på gardsbruk, starta nye bedrifter og oppmuntra folk til å bruke sine evner. På den måten fikk han også fortalt dei kva han trudde på. Fantastisk å tenke på at det då levde 900.000 menneske i Noreg, av dei 300.000 haugianarar, meiner Anne-Marthe Lillebø.

– Har du delteke på mange Haugeseminar?

– Eg har aldri vore på Haugeseminar før, men eg har høyrt mykje flott om arrangementet, så eg gler meg.

– Kvifor byrja du å syngje i si tid?

– Eg har sunge sidan eg var lita. Eg er så heldig å ha foreldre som har oppmuntra meg både til å syngje og spele instrument. Vi song saman som familie, det var jentekor, barnekor og ungdomskor. Då eg skulle begynne på vidaregåande, bestemte eg meg for å gå på eit landsdekkjande musikkgymnas utanfor Bergen, Kongshaug Musikkgymnas. Som utdanning valte eg lærar, der musikk vart eitt av årsstudia mine. Musikken har alltid tatt opp store delar av fritida mi. Utruleg takksam over moglegheitene eg fekk til å bli glad i musikk.

– Kva betyr song og musikk for deg i dag?

– Song og musikk betyr mykje for meg. Eg brukar det kvar dag, både på jobb og i fritida. Det er min beste måte å uttrykke meg på. Formidling gjennom song og musikken er noko eg verkeleg brenn for. Eg har i mange år vore med som lovsongsleiar i Salem Bergen. Føler meg utruleg heldig og privilegert som får lov til å bruke musikken til å peke på Jesus og leie folk i lovsong. I tillegg til lovsongen er eg også med i gospelgruppa Redeemed. Vi er inne i ein spennande haust der vi jobbar fram mot ein platerelease.

 – Haugianarane brukte også song og musikk. Har du tenkt noko spesielt over det?

– Det er spesielt og veldig kjekt å få lov til å delta med song på Haugesamlinga. Mens Hans Nielsen Hauge gikk og vandra frå bygd til bygd, eller gjekk ute på åkeren, song han. Gjennom det at han song og las, fekk han meir lyst til å lese i Bibelen. Song og musikk betydde mykje for han, og dette kan eg kjenne meg igjen i. Eg skal opne Haugeseminaret i Herøy med å synge den songen som Hans Nielsen Hauge gjekk og song då han møtte kallet: ”Jesus din søte forening å smake”. Det gler eg meg til, seier Anne-Marthe Lillebø.

Runde blandakor deltek også med song på seminaret. Forfattar Edvard Hoem og Linda Helén Haukland frå Universitetet i Nordland vil snakke om ulike sider ved Hauge sitt kvinnesyn.