– Står fast på ekteskapssynet
Karl Johan Hallaråker meiner at korkje han sjølv eller "dei klassisk orienterte biskopane" godkjenner to syn på ekteskapet.
3. november hadde tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF), Karl Johan Hallaråker, eit debattinnlegg på trykk i riksavisa Vårt Land. Bakgrunnen var bispemøtet i førre veke. Hallaråker skriv i overskrifta at Bispemøtet kjem med «kloke råd i vanskeleg situasjon».
I ei pressemelding frå bispemøtet, datert 30. oktober, heitte det at biskopane ser ulikt på spørsmålet om likekjønna vigsel, men at dei likevel har arbeidd seg fram til enighet om korleis kyrkja bør gå vidare i denne saka. Biskopane reknar med at det vil vera fleirtal på Kyrkjemøtet neste år for å innføra liturgi for vigsel av likekjønna par. Ei utfordring for leiinga i kyrkja blir då å finna ein veg framover som tek naudsynt hensyn til både fleirtal og mindretal. Bispemøtet ynskjer å bidra til at det kan fremmast eit forslag på neste kyrkjemøte som i størst mogleg grad kan virka samlande. Ein erkjenner at det ikkje har vore mogleg å bli teologisk samde.
Framlegg til vedtak
Bispemøtet kom òg med forslag til vedtak til Kyrkjemøtet (sjå lenka over). Dette framlegget er i seks punkt. Punkt to slår fast at spørsmålet om likekjønna vigsel ikkje er av ein slik karakter at det splittar kyrkja. Biskopane legg til at «begge syn på likekjønnet ekteskap kan gis rom og komme til uttrykk i kirkens praksis. Punkt tre lyder slik: «Et flertall i Kirkemøtet mener at det i tillegg til dagens liturgier for ekteskap og forbønn for borgerlig inngått ekteskap mellom kvinne og mann, må utarbeides tilsvarende liturgier både for ekteskapsinngåelse mellom likekjønnede og forbønn for borgerlig inngått likekjønnet ekteskap». I punkt fire blir det gjort merksam på at det venta mindretalet i Kyrkjemøtet meiner vigsel av likekjønna «strider mot deres forståelse av ekteskapet. Disse tar likevel til etterretning både Kirkemøtets sammensetning og at slike liturgier derfor vil bli utarbeidet og implementert«. Punkt seks slår fast at prestar og andre kyrkjeleg tilsette «har frihet til» å velja om dei vil vera med vigsel av eller forbøn for likekjønna par.
Les mer: Bispemøtet går inn for vigsel av likekjønnede (lenker åpner seg i nytt vindu)
«Kloke råd»
Det var visepreses Halvor Nordhaug som var arkitekt bak framlegget om to vigselsliturgiar i staden for å endra den ein alt har (Dagen 26. oktober). Neste dag gjekk Rolf Kjøde, som mellom anna er med i leiinga av nettverket Levande folkekyrkje, ut i same avis og avviste at to liturgiar var ei løysing. Han meinte dei konservative biskopane i staden måtte bryta med dei liberale.
I innlegget sitt i Vårt Land 3. november skriv Hallaråker, med tydeleg adresse til sin tidlegare generalsekretær-kollega, at han «ikkje kan sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine». Hallaråker skriv vidare: «Ut frå situasjonen som har oppstått etter valet, har eg stor forståing for både biskop Nordhaug og den løysinga ein har samla seg om. Det aller viktigaste i rådet er faktisk konstateringa av denne saka blir ein ikkje teologisk samde om. For meg tyder det at vi som har det klassiske synet, ikkje kan overkjørast, men har fått stadfesta full råderett og talerett ut frå vår overtyding».
Reaksjonar
Innlegget til Hallaråker vekte til dels sterke reaksjonar. Hallaråker sin etterfylgjar i ImF, Erik Furnes, uttalte til Vårt Land 3. november at han «ikke har snakket med noen som mener at Bispemøtet har kommet fram til en klok uttalelse i denne saken». I Dagen 4. november viser Furnes til ei fråsegn som sju kristne organisasjonar, inkludert ImF, kom med i 2007, der dei med sorg konstaterte at Kyrkjemøtet hadde vedteke å likestilla to motsette syn på homofilt samliv. I ein uttale frå ImF 30. oktober same år kallar dåverande generalsekretær Karl Johan Hallaråker i ImF fleirtalet i Kyrkjemøtet sine tilrådingar for «eit alvorleg brot med bibeltru teologi». I tillegg skreiv han at «dersom en i tillegg vedtar å vie homofilt samlevende og lager liturgi for dette, har en endret Den norske kirkes bekjennelse. Det er en dramatisk situasjon.»
Hallaråker svarar
Sambåndet har bede Karl Johan Hallaråker om ei presisering av hans ståstad etter kommentaren om støtte til biskopane sitt råd – og fått følgjande svar:
«Ekteskapet er mellom mann og kvinne, slik eg meiner Bibelen talar klart. Samkjønna ekteskapsforståing er også etter mi vurdering på kollisjonskurs med CA 7 (vedkjenningsskriftet Confessio Augustana, red.anm.) sin omtale av «semje om evangelielæra». Dette gjeld nok også fleire andre standpunkt i kyrkjelandskapet. Eg møter det som best eg kan gjennom Calmeyergatelinja si rettleiing om skilje mellom «offisielt samarbeid» og det frie organisasjonsarbeidet.
«Spørsmålet nå er korleis vi skal manøvrera i den offisielle kyrkja sin situasjonen etter kyrkjevalet. Dersom ein ikkje vil forlata kyrkja, ser eg ikkje anna langsiktig val enn å ta vare på dei med klassisk syn slik biskopane føreslår. Kva er alternativet? Vedkomande spørsmålet om «to syn» meiner eg biskopane uttrykker seg presist når dei uttalar «tek til etterretning». Det er ei viktig formulering for ikkje å godkjenna. For meg betyr det at dei klassisk orienterte biskopane og meg sjølv ikkje godkjenner to syn, men altså tek til etterretning at slik er det (og har vore lenge).
Vidare meiner eg at vi må kunna drøfta ulike løysingar i denne situasjonen utan å skulda kvarandre på den måten som nå har skjedd.»
«Snikinnføring»
Det siste har adresse til mellom andre forsamlingsleiar Glenn Nord-Varhaug i Bergens Indremisjon, som i Dagen i dag – med referanse til innlegget frå Hallaråker – mellom anna skriv at «dette vil jeg kalle for snikinnføring av liberal teologi i bedehusbevegelsen». (Sjå òg intervju med Nord-Varhaug i Dagen) Forsamlingslederen viser blant annet til uttalelser fra Hallaråker i en artikkel publisert på sambåndet.no i 2006 – om at lærenemnda delte seg i homofilispørsmålet.
I det omstridde innlegget sitt i Vårt Land 3. november skriv Hallaråker òg at «Bibelen talar tydeleg om tokjønna ekteskap og alvoret med å leva i strid med bibelsk rettleiing». Han håpar at det kjem inn «gamaltruande på dei resterande plassande i bispedømeråda».
Les leder i Sambåndet om konsekvenser av kyrkjevalet: Etter et valg