Tag Archive for: Bjorliheimen

Eigar, snikkar og resepsjonist på Bjorli

Sveinung Lianes står i spissen for ein ny giv ved den kristne overnattingsstaden Bjorliheimen. Pensjonisten er i dag hovudaksjonær og dagleg leiar ved Bjorliheimen hotell og møtesenter AS.

Lianes, som var sentral i oppbygginga av Misjonssambandets gjenbruksbutikkar, tok i august 2014 saman med andre støttespelarar over drifta av Bjorliheimen på Bjorli i Oppland på leigebasis.

-For å sjå om vi fekk til den økonomiske sida av drifta, fortel han.

Erfaringane var så gode at Lianes og 14 andre aksjonærar overtok eigarskapen av Bjorliheimen i desember 2015. Aksjekapitalen vart då utvida med 1,5 millionar kroner. 12 av aksjonærane har til saman aksjar for 180 000 kroner. Dei tre andre har resten. Vedtektene til selskapet fortel om idealisme, og det er vedteke at det ikkje skal utbetalast utbytte av aksjane.

Følgje kristenfolket til fjells

-Grunnen til at eg ville satse her, har vel noko samanheng med at eg etablerte Bjorli misjonssenter i 1973, medan eg var krinssekretær i Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Min tanke den gong var at bedehuset måtte følgje forandringane i samfunnet. Mange kjøpte seg hytter på Bjorli, i dag er det over 1000 hytter i området. Når folk dreg på hytta i helgene, får dei mindre høve til å besøke bedehuset. Då NLM vedtok å selje Misjonssenteret, som ikkje låg langt unna Bjorliheimen, hadde eg som 70-åring moglegheit til å satse på dette, seier han.

Lianes meiner det er viktig at det finst ein alkoholfri samlingsstad på ein turist- og skidestinasjon som Bjorli, kor det samlast mange unge menneske. Lianes vil og bruke staden til å gi både tilreisande og fastbuande eit kristent møtetilbod, i og med at det er lite anna kristen verksemd på staden. Blant anna er målet å arrangere faste søndagsmøte.

-Når kristne grupper leiger hos oss, ber vi om at deira søndagsmøte er ope for alle, seier han.

Populært for grupper

Tanken er å tilby ein pris som gjer at det er mogleg for kristne grupper og kyrkjelydar å ha leir eller weekend på hotellet. Då vi var innom, var hotellet fylt opp med 170 svenskar, på 6-dagars opphald, frå Immanuelkyrkan i Örebro.

I løpet av vinteren har f.eks. to ungdomsskular hatt leirskuleopplegg på Bjorliheimen. Også vidaregåande skular, folkehøgskular, konfirmantgrupper og mange idrettslag har brukt staden, både med større og mindre grupper.

-Helgene har stort sett vore fullbooka. Til sommaren kjem turistbussane, og vi skal også ha fleire kristne familiesamlingar. Og vi tek sjølvsagt imot enkeltpersonar som treng overnatting. 2016 vil representere ein betydeleg auke i bruken av hotellet, i høve til føregåande år, noko som og kan ha sin grunn i at vi no, i motsetnad til tidlegare, held ope heile året, seier Lianes.

NLMs tidlegare «gjenbruksgeneral» har og starta gjenbruksbutikk i ein del av bygningen, og den held ordinært ope to dagar i veka.

Rustar opp

-Kor sikker var du på at du skulle få dette til å gå økonomisk då du begynte å drive staden i 2014?

-Eg meinte det burde gå i balanse med det driftskonseptet vi la opp til. At vi overlevde så godt at vi fekk frimod til å kjøpe hotellet og tenkje langsiktig, var eg derimot ikkje sikker på, medgir Lianes.

No har han begynt å ruste opp staden, som treng noko oppgradering. Det første som skal moderniserast, er toaletta på hotellromma. Det er 130 sengeplassar på hotellet, pluss om lag 30 sengeplassar i nokre enkle hytter. Til sommaren er det planlagt bygging av større hytter.

Bjorliheimen ligg på ei 50 dekar stor tomt som er festa for 100 år, og det er no 59 år igjen av dei 100 åra.

Vil utnytte omgivnadene

Lianes ser optimistisk på framtida for Bjorliheimen. Han legg vekt på den ligg i eit populært utfartsområde, ved vegen mellom Dombås og Åndalsnes. Både dei naturskjønne områda i nærleiken, blant anna nasjonalparken Reinheimen, og at det på sjølve eigedomen ligg godt til rette for utandørsaktivitetar, er noko Lianes vil utnytte.

Allsidigheit

Han er på mange måtar ein altmoglegmann på hotellet. Utanom han sjølv er det berre ein tilsett. Og Lianes trivst med å ha mange ulike oppgåver:

-Noko av mi lykke gjennom alle mine år i teneste for misjonen, har vore at eg både kunne drive med forkynning, administrasjon og praktiske oppgåver. På den måten blei dagane alltid varierte og aldri kjedelege. Allsidigheit er noko eg anbefaler alle å nytte seg av. Mange meinte at eg burde få andre til å ta seg av snikkararbeid og liknande, men for meg var det terapi. Om nokon er i ferd med å bli utbrent i jobben, er mitt råd; sørg for å utvide repertoaret! KPK