Dei som ler
LEIAR I år har dei dukka opp i kommentarfelta til ImF og Sambåndet på Facebook – dei som nyttar symbolet «haha» som reaksjon på innhaldet i ein artikkel i bladet. Mon tru kven som «ler sist».
Frå 2016 har Facebook-brukarar kunne nytta seks digitale symbol – emojiar – som reaksjon på ting dei ser på det sosiale mediet. «Haha»-emojien viser eit leande ansikt med open munn og attlatne auge.
Lått og spott
21. mai i år delte redaksjonen saka om at fleire oppfatta ei tiltrengt gåve til ein Danielsen-skule, som ein inngripen frå Gud. Nesten 20.000 menneske var inne på artikkelen via Facebook-sida til ImF, og det kom 135 ulike symbol-reaksjonar (i vår samanheng er dette høge tal). Langt dei fleste var «tommel opp» eller «hjarte», men fire personar nytta den gapskrattande emojien. I tillegg var det spottande kommentarar som administrator valde å leggja skjult.
13. juli blei det lagt ut ein artikkel om ein kveldsmøte-tale på Lyngdal Bibelcamp der synd og synda sine konsekvensar, var tema. 16.500 ulike personar klikka seg inn på artikkelen, og det kom 66 symbol-reaksjonar. Seks av dei lo (i tillegg til ein som nytta emojien «sint»). Det kom også 27 kommentarar, og igjen var innhaldet i dei fleste av ein slik art at administrator valde å skjula dei.
Gud nær oss
Ingen av dei som trykte «haha» eller kom med ord til spott, er mellom dei høvesvis 2900 som «liker» eller 3600 som «følgjer» ImF på Facebook. Det hadde vore endå større grunn til refleksjon om dei var det. Men kvifor brukte dei likevel tid på å reagera på akkurat desse artiklane?
Det seier oss at Sambåndet må leggja endå meir vekt på tema som rører folk – uavhengig av reaksjonane.
Kan det ha noko med at innhaldet kom dei inn på livet, at det handla om ein Gud som grip inn, som handlar med menneske, som har ein vilje? Kan det henda at dei ikkje tolte det, og at dei prøvde å få andre med seg på å avvisa moglegheita av ein Gud som er nær? Var det difor dei reagerte med gapskratt?
Til dei av jødane som dyrka avgudar, fekk profeten Jeremia dette retoriske spørsmålet: «Men er det meg dei krenkjer, seier Herren, er det ikkje seg sjølv, er det ikkje deira eige andlet som får skamma over seg?» (Jer 7,19). Erfaringa med «haha»-andletet og dei latterleggjerande kommentarane seier oss at Sambåndet må leggja endå meir vekt på tema som rører folk – uavhengig av reaksjonane.
Først publisert i Sambåndet nr. 6/24, som kom ut 28. august 2024.