Innlegg

Ny redaktør i KPK

Ingunn Marie Ruud (36) er tilsett som ny redaktør for Kristeleg Pressekontor (KPK).

1. august overtek Ingunn Marie Ruud som ansvarleg redaktør for Kristeleg Pressekontor etter Markus Plementas, som har valt å gå over til ei stilling i Normisjon.

– Eg er svært glad for at Ingunn tek over som redaktør. Ho har løfta det journalistiske arbeidet og har gode føresetnader for å ta KPK vidare i riktig retning, seier Plementas.

Ruud har vore fast tilsett som journalist i KPK sidan mars 2016. Før ho byrja i KPK, jobba Ruud i over seks år som kommunikasjonskonsulent og redaktør for Credo i Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget) og dessutan ein kort periode som ansvarleg redaktør for lokalavisa Suldalsposten.

– Eg er imponert over det arbeidet Markus har gjort i KPK og gler meg til å ta tak i nye utfordringar i tida framover, seier Ruud.

Omstrukturering

Som ein del av prosessen med å få på plass ny redaktør, har styret i KPK valt å gjera nokre endringar i struktureringa av arbeidet. Det er inngått ei avtale med Tankesmia Skaparkraft som skal ta seg av mykje av den økonomiske administrasjonen til nyhendebyrået, slik at redaktøren kan konsentrera seg meir om det redaksjonelle.

– Styret er glad for at vi har fått på plass ny redaktør, og vi kjenner oss sikre på at det vert ei god løysing. Sidan det vart internt opprykk i stillinga, oppstod det òg behov for ny journalist, og vi er tilfreds med at òg dette ordna seg før ferien, seier styreleiar i KPK, Petter Olsen.

Stein Gudvangen er tilsett som journalist i ein 50 prosent stilling frå 1. september.

– Styret er forvissa om at KPK kjem til å halda fram i den gode trenden som har vore under leiing av avtroppande redaktør, Markus Plementas. Vi vil òg ynskja han lukke til med nye utfordringar hos ein av eigarane våre, Normisjon, seier Olsen.

KPK er eigd av over 30 kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn.

Første kvinne

Ingunn Marie Ruud har utdanning i journalistikk og kunst- og kulturforvalting frå Universitetet i Stavanger. Ho har òg årsstudium Design og kommunikasjon i digitale medier frå Høgskulen i Oslo og Akershus og tverrkulturell kommunikasjon frå Mediehøgskulen Gimlekollen.

Ho vert den første kvinnelege redaktøren i den 104 år lange historia til Kristeleg Pressekontor og trur KPK enno har ei viktig rolle å spela i det norske medielandskapet.

– Vi ser ei auka interesse for religion og livssynsstoff i sekulære medier samstundes som medieundersøkingar viser at få journalistar sjølv har eit religiøst livssyn. Her kan KPK bidra med den gode kompetansen sin på kristen-Noreg og det som rører seg der, sier ho. KPK