Innlegg

VEDTEKTER: Leder for arbeidsgruppa som nå er blitt interimstyre, Eirik Pettersen, orienterer om vedtektene som har skapt strid i sekulær presse. Foto: Petter Olsen

Taus om religionsfrihet

Høyre-politiker og medlem i Time kommunestyre, Andreas Vollsund, kritiserer stiftelsen av bedehusforsamlingen Inn-kyrkja på Lye.

Vollsund har lest vedtektene til Inn-kyrkja, og han reagerer på at bare menn kan være med i eldsterådet. Han reagerer også på at interimstyret i forsamlingen uttalte til Jærbladet at det rådende bibelsynet i Den norske kirke, hvor man har åpnet for likekjønnet vigsel, har vært vanskelig å forholde seg til.

– Splittelse

Andreas Vollsund representerer Høyre i Time kommunestyre. Foto: Privat

«Eg reagerte sterkt då eg las om det. Dei skaper splitting på Lye. Eg trudde me kunne halda saman sjølv om me er ueinige», sier Vollsund til lokalavisen Jærbladet etter stiftelsesmøtet den 28. januar for den nye forsamlingen Inn-kyrkja i Lye forsamlingshus på Lyefjell i Time kommune. Inn-kyrkja vil melde seg inn i Indremisjonsforbundet (ImF), Norsk luthersk Misjonssamband (NLM) og Normisjon. 

Videre uttaler Vollsund til Jærbladet: «Skal ein leva ordrett etter Bibelen, må ein også opna for at andre skal leva ordrett etter andre religiøse tekstar. Eg trudde med var komne lengre enn dette.»

Jarle Mong er en av de mest leste bloggerne på Jæren og er selv med i Bedehuskirken på Saron, Bryne. Han skriver blant annet følgende i en fersk bloggpost: «Andreas Vollsund representerer partiet Høyre som i all sin tid har vært et liberalt parti. Partiets grunnverdier stammer fra opplysningstidens filosofer. Locke, Voltaire og Rousseau for å nevne noen var opptatt av menneskets frihet, de snakket om individ og grunnleggende rettigheter. Disse herrene var katalysatorer for ytringsfrihet og religionsfrihet. Partiet Høyre springer ut av denne tradisjonen og har i alle år vært forsvarere av individets overbevisning, valgfrihet og samvittighet. Det er en grunn til at leger i Norge kan reservere seg mot å utføre aborter. Vollsunds tirader er for meg paradoksale. Av alle ting i verden etterlyser Høyre-politikeren takhøyde.»

En menneskerett
Sambåndet ringte Vollsund for å be ham utdype uttalelsene til Jærbladet. Før vi kom så langt i telefonsamtalen at vi fikk stilt spørsmålet, ble vi imidlertid henvist til det han hadde skrevet på Facebook-profilen sin. Der sto det ikke noe om det vi ville spørre ham om, og vi sendte Høyre-politikeren følgende spørsmål i form av en melding på Facebook-profilen hans:

Religionsfrihet er en menneskerett som er nedfelt i menneskerettighetserklæringen. Artikkel 18 sier: «Enhver har rett til tanke-, samvittighets- og religionsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å skifte religion eller tro, og frihet til enten alene eller sammen med andre, og offentlig eller privat, å gi uttrykk for sin religion eller tro gjennom undervisning, utøvelse, tilbedelse og ritualer.» Lov om likestilling og forbud mot diskriminering gir i enkelte tilfeller trossamfunn lov til å forskjellsbehandle, som i § 9 om «Lovlig forskjellsbehandling»: Forskjellsbehandling er ikke i strid med forbudet (…) når den a) har et saklig formål b) er nødvendig for å oppnå formålet og c) ikke er uforholdsmessig inngripende overfor den eller de som forskjellsbehandles.» Hva tenker du om religionsfrihet og lovlig forskjellsbehandling?

Flaut
I sitt svar skriver Høyre-politiker Vollsund at han ikke ønsker å si noe mer enn det han har uttalt i Jærbladet og på Facebook.

På Facebook-profilen skriver han blant annet:

«Eg har sjølv vokst opp på Lye der vi har hatt eit forsamlingshus med stor takhøyde og der alle var velkomne… Ekteskap for homofile har blitt dagens «korstog» for enkelte. Det kan virka som det er viktigare enn alt anna som står i Bibelen. Skal dei følgja Bibelen bokstaveleg er eg spent på korleis den nye Inn-Kyrkja på Lye skal bli dreven. At vesle Lye ikkje skal kunna holda saman er flaut…Eg ønskjer heller eit samfunn der me viser toleranse. Der me kan vera uenige, men allikevel holda saman og vera einige om at me er uenige.»

STIFTING: Eirik Pettersen (frontbilde) leia stiftingsmøtet. På bildet observerer Terje Slettebl, t.v., medan Sigurd Idland registrerer medlemmer i Inn-kyrkja. Begge foto: Petter Olsen

Forsamling på Jærens tak

Fleire enn halvdelen av dei som var møtt fram til sundagssamling på Lye forsamlingshus, melde seg inn i Inn-kyrkja.

TIME: Inn-kyrkja er namnet på siste tilskudd til rekkja av forsamlingar i bedehusland. Forsamlinga fekk 38 medlemmer alt på stiftingsmøtet som var i forlenginga av sundagssamlinga 28. januar. Det var «rulleførar» og medlem av det som no er blitt interimstyret for Inn-kyrkja, Sigurd Idland, godt nøgd med.

– Så veit me òg at fleire familiar som går her, ikkje kunne koma i dag, supplerer Terje Slettebø, som òg er med i interimstyret.

Tre organiasjonar

Ei arbeidsgruppe på åtte personar har i om lag halvanna år førebudd forsamling på Lye forsamlingshus på Lyefjell, som geografisk ligg heva over resten av Time kommune på Jæren. Seks av desse er no blitt interimstyre og skal leia forsamlinga fram til første årsmøte i februar eller mars neste år: Annbjørg Bjelland, Sigurd Idland, Brit Ege Aarsland, Terje Slettebø, Magnhild Sørlie og Eirik Pettersen. Kamilla Salmelid sluttar seg til interimstyret.

Inn-kyrkja er ifølgje vedtektene «en selvstendig, selveiende, juridisk enhet» og vil melda seg inn i tre organisasjonar – Indremisjonsforbundet (ImF), Norsk luthersk misjonssamband (NLM) og Normisjon. Inn-kyrkja «støtter seg til de tre organisasjonene sine vedtekter og verdidokumenter».

– Det er i stor grad desse organisasjonane folk som går her, høyrer til, seier Eirik Pettersen, som har vore leiar for arbeidsgruppa.

I tillegg til dei tre nemnde organisajonane er òg Det norske misjonsselskap (NMS), Norges KFUK-KFUM og Time sokneråd eigarar av forsamlingshuset.

Vidare med Jesus

Terje Slettebø, som til dagleg er administrasjonsleiar i ImF Rogaland, tala på sundagssamlinga over det som er mottoet for Inn-kyrkja: «Vidare med Jesus – han som er vegen, sanninga og livet». 

– Vi vil gå vidare med den einaste vegen som fører til Gud. Det er det viktigaste oppdraget ein kan ha, og med dei største konsekvensane, sa Slettebø.

Den nye forsamlinga har altså fått namnet Inn-kyrkja. Visjonsdokumentet utdjupar det med «Inn i ordet», «inn i disippelgjering», «inn i fellesskap» og «ut i teneste». Eirik Pettersen seier til sambåndet.no at det var litt diskusjon om det å ta «kyrkje» inn i namnet.

– Guds kyrkje

– Noko av årsaka er å unngå namnelikhet, og så har jo ikkje Den norske kyrkja monopol på dette ordet. Vi byggjer Guds kyrkje, seier Pettersen.

Han viser til at det ikkje er så språkleg naturleg å ha «forsamling» med i namnet. Arbeidsgruppa har òg tenkt at «kyrkje» er lettare for unge å forhalda seg til enn «bedehus».

– Dessutan har me allereie forsamlinga Bedehuskyrkja i same kommune, på Saron, Bryne, peikar Eirik Pettersen på.

Fellesskap

TIME: Lye forsamlingshus ligg høgt til å vera på Jæren. Foto: Petter Olsen

Inn-kyrkja legg opp til det dei kallar «storfellesskap» på sundag føremiddag og mindre fellesskap som huskyrkjer, bibelgrupper og bønnegrupper på andre tidspunkt. Dei vil dela trua på Jesus gjennom relasjonar og vennskap i kvardagen, og fellessamlingane blir då viktige møtepunkt der ein kan få inspirasjon og hjelp til å leva som kristne i kvardagen.

Leiar i styret for ImF Rogaland, Randi Klingsheim Bø, var til stades på sundagssamlinga og stiftingsmøtet.

– Krinsen heiar på at det blir danna forsamlingar, og eg vil halda fram at me kan vera med på å utrusta, seier Randi Klingsheim Bø til sambåndet.no.