Innlegg

SKIFTE: Ketil Jensen går frå stillinga som rektor for Bibelskolen i Grimstad til å bli forlagssjef i Lunde Forlag. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Ketil Jensen vert ny forlagssjef i Lunde

Ketil Jensen vert ny sjef for Lunde Forlag.

Det går fram av ei pressemelding frå forlaget. Jensen tek over etter Tom Teien, som vart forlagssjef i 2014, men som i februar vart tilsett som ny regionleiar for Misjonssambandet aust.

Teolog og rektor

Ketil Jensen kjem frå stillinga som rektor ved Norges største bibelskule, Bibelskolen i Grimstad, der han berre har vore øvste leiar i eit år.

Jensen byrjar i stillingen som forlagssjef 1. august 2022, og Teien trer av den same månaden.

Den nyutnevnde forlagssjefen er utdanna teolog og har mastergrad i organisasjon og leing. Han har tidlegare også vore rektor på Fjellhaug bibelskole og Fjellhaug Internasjonale Høgskole, som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

Pendlar

På NLM si nettside vert Ketil Jensen sitert på at opphaldet på Bibelskolen i Grimstad vart altfor kort.

– Eitt skuleår er veldig lite, særleg når ein kjem inn som ny i ein skule. Dette handlar om familien. Vi bestemte oss for fleire år sidan for å flytta frå Oslo. Eg reiste i førevegen og har pendla i seks år, fortel Jensen og held fram:

– Familien har kome fram til at dei ikkje ynskjer å flytta frå Oslo, og kona mi trivst som kjøkkenleiar på Fjellhaug. Vi har altså ombestemt oss og tek ein lengre periode i Oslo. Tidlegare har kona flytta med mine jobb-ynskje, og no er det min tur til å flytta etter hennar, seier Jensen.

Ny i bransjen

Styreleiar Eli Gjøra i Lunde Forlag gler seg til å jobba saman med den nytilsette forlagssjefen.

– Han er godt kjend i eigarorganisasjonane våre – Misjonssambandet, Indremisjonsforbundet og Normisjon – og er godt kvalifisert. Vi vonar på ein framoverlent forlagssjef. Han er ny i forlagsbransjen, men styret tenkjer han vil gjera ein god jobb og bidra til gode leseopplevingar og inspirasjon for nye og gamle lesarar, seier ho. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor.