Tag Archive for: Knif fundraising

Ber organisasjonane utfordre næringslivet

Bedrifter ønskjer i større grad å gi gåver til frivillige organisasjonar, men dei norske reglane for skattefrådrag oppmuntrar ikkje til det.

30. mars var det CSR-konferanse i Kristiansand. CSR, som står for Corporate Social Responsibility, kan på norsk omsetjast til næringslivet sitt samfunnsansvar. Konferansen blir arrangert av Strømmestiftelsen, Kruse Smith Stiftelsen og DNB.

Skattefrådrag

Nicolai Tangen er grunnleggjar og administrerande direktør i AKO Capital. Han held til i England og var ein av foredragshaldarane på årets CSR-konferanse.

Tangen fortel at i England er alle gåver frå bedrifter til velgjerande formål skattefrådragsberettiga. I Noreg er beløpsgrensene for frådrag dei same for bedrifter som for privatpersonar. For bedrifter av ein viss storleik betyr dette at skattefrådraget er eit lite effektivt insentiv for å gi gåver til frivillige organisasjonar.

Arbeider for å endre

Knif Fundraising er Kristen-Noregs Interesse Fellesskap (Knif) si nye plattform som skal tilby organisasjonar gode løysingar innanfor innsamling. Indremisjonsforbundet er òg medeigar i Knif.

Kim Boel Pedersen i Knif Fundraising trur, trass i skattereglane, at det kan lønne seg for organisasjonane å tenkje samarbeid med bedrifter.

– Lagar du eit opplegg tilpassa næringslivet, kan du få med deg mange bedrifter, seier han og understrekar at frådragsordninga i skatteregelverket må jobbast med:

– Knif jobbar gjennom Frivillighet Norge for å endre skattefrådragsordninga for bedrifter i Norge.

Pedersen trur organisasjonar som er gode på fundraising, er klar over høva i næringslivet.

– Men dei er òg klare over avgrensingane i regelverket. Derfor gjer dei ei kost-nytte-vurdering av kva ein bør bruke av tid på dette, seier han.

Ubrukt potensial

FORDELER: Geoff Kendall er gründer og leder av Future-Fit Foundation som hjelper bedrifter å omstille driften til å ta mer ansvar for verdens fremtid. Han tror bedrifter kan dra fordeler av å samarbeide med ideelle organisasjoner. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Geoff Kendall er gründer og leiar av Future-Fit Foundation og ein annan av talarane på konferansen.

– Eg trur bedrifter kan dra fordelar av å samarbeide med ideelle organisasjonar, og til no ser det ut til at bedriftene har vore meir villige til å starte eit samarbeid enn det organisasjonane har vore, seier han.

Kim Boel Pedersen i Knif Fundraising meiner at det er eit ubrukt potensial for frivillige organisasjonar til å hente inn meir pengar gjennom samarbeid med næringslivet. Han stadfestar at også i Noreg er trenden at næringslivet ønskjer å hjelpe meir, men seier at det skattemessige regelverket gjer samarbeid meir krevjande.

– Dette er naturleg nok strengt regulert i skattelova. Dersom ein sponsar eit arrangement eller hjelper som bedrift må det vere veldig tydeleg kva ein får igjen som motytingar og det er ikkje alltid like enkelt å fastsetje, seier Boel Pedersen.

John Elkington skildras som ein verdsleiande autoritet på CSR og berekraftig utvikling.

– Organisasjonane må på ein vennleg måte prøve å utfordre næringslivet meir. Vi ser absolutt ein trend at fleire og fleire bedrifter blir opptekne av CSR og ønskjer å vise at dei tek ansvar, seier Elkington.

Økonomisk berekraftig

Det finst mange ulike måtar ideelle organisasjonar kan samarbeide med næringsliv på. Sponsing av arrangement, annonsering og symbolske julegåver til tilsett er eksempel på tiltak som til ein viss grad blir brukt i dag, men det finst også eksempel på produktutvikling og innovasjon der bedrifter går meir direkte inn i utviklingsarbeid og hjelp.

– Når du klarer å få økonomisk berekraftige modellar kan du òg skalere i ein heilt annan grad og hjelpe organisasjonar i å nå dei måla dei har, seier Johan Gjærum som er finansdirektør i Bright Products som også deltek på CSR-konferansen.

Bright Products produserer solcellebaserte off-grid løysingar og samarbeider med fleire ideelle organisasjonar. Dei har blant annan utvikla ein solcellelampe som også fungerer som mobilladar og kan brukast i område utan straumtilgang.

– Vi jobbar saman med Strømmestiftelsen blant anna om jobbskapingsprogrammer i Somalia og Burundi. Her bruker vi gjeldande strukturar som Strømmestiftelsen har og kombinerer det med måten vår å drive forretning på og dei produkta vi har. Saman kan vi skape større impact enn vi kunne fått til aleine som forretningsaktør, seier Gjærum.

Endra haldningar

SAMARBEIDER: Johan Gjærum i Bright Products samarbeider med flere organisasjoner og tror at man med økonomisk bærekraftige modeller bedre kan hjelpe organisasjoner i å nå sine mål. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Johan Gjærum i Bright Products trur også organisasjonane kan bli flinkare til å samarbeide med næringslivet og opplever ein endring i haldningar til bedriftene sin profitt.

– Fleire og fleire ser at det er viktig at næringslivet er med og hjelper til å finne løysingar. Vårt mandat er å finne økonomisk berekraftige modellar, men vi ser at vi kan ha ein vinn-vinn situasjon ved å jobbe med organisasjonar som har heilt andre eigenskapar enn vi har, seier han.

Også Boel Pedersen i Knif Fundraising ser at organisasjonar er mindre skeptiske til å samarbeide med bedrifter som òg skal tene pengar.

– I nokre setjingar er nok dette ei sperre. Dersom ein marknadsfører eit samarbeid med ei bedrift og det viser seg at leiaren i bedrifta har tent 300 millionar på den, så er nok somme skeptiske til å assosiere organisasjonen med det. Men det blir meir og meir openheit fordi det tel meir at formålet blir realisert, seier han.

Match-funding

Nicolai Tangen i AKO Capital er tilhengjar av match-funding, der ei bedrift lover å matche alle gåver som kjem inn til eit prosjekt i ein periode. Han bruker det ofte når stiftelsen AKO Foundation, som blir finansiert av overskotet til AKO Capital, skal gi gåver.

– Match-funding er noko vi elskar i AKO Foundation. Vi prøver å strukturere det slik at det vi gir kan gi best mogeleg effekt, seier Tangen.

I fjor lovde han å matche alle enkeltgåver som kom inn til Strømmestiftelsens jobbskaperkampanje dei neste to vekene inntil 10 millionar kroner. Det inspirerte Strømmestiftelsens stab og givarar til å samle inn over 6,8 millionar kroner frå private og næringsliv i løpet av 14 dagar. Med Nicolai Tangens matching fekk dei inn 13 690 428 kroner samt ei mengde nye givarar. KPK