Tag Archive for: norskamerikanere

Fortel historia som manglar i amerikabøkene

– Når nordmenn høyrer at norskamerikanske misjonærar etablerte over seks tusen lutherske kyrkjelydar rundt om i verda, får dei nesten sjokk, seier forfattar Torbjørn Greipsland.

Torbjørn Greipsland, forfattar og tidlegare redaktør i Kristelig Pressekontor (KPK), har skrive fleire bøker om norsk utvandring. No bruker han pensjonisttilværet til å skrive ei bok han skulle ønskje var skriven for lenge sida.

– Eg har i fleire år vona at somme skulle skrive ei bok om dei mange norskamerikanarar som reiste ut som misjonærar frå 1880-talet og fram til i dag. Men det ser ikkje ut til at andre gjer det, så då vil eg prøve sjølv, seier han til KPK

– Utelate i bøker

Forfattaren fortel at det har blitt skrive både artiklar og biografiar om norskamerikanske misjonærar, og at mykje av arbeidet derfor truleg vil bestå av å samle inn stoffet framfor å skrive frå byrjinga av.

– Då eg fekk ei liste med namn på 6-700 lutherske misjonærar, og utan tvil er det mange fleire, så overraska det meg. Når ein så veit at dette viktige misjonsarbeidet er utelate i sentrale bøker om nordmenn i Amerika, er det gode grunnar til å skrive om dette, fortel Greipsland.

Til bokprosjektet har han fått ei lang liste med namn frå det store amerikanske kyrkjesamfunnet Den Evangelisk Lutherske Kyrkje i Amerika, ELCA

– Lista har så mange som 660 namn. Dei fleste som får namnet sitt i den nye boka, er daude no, men nolevande misjonærar vil bli omtalte og intervjua, seier Greipsland.

Sjølv om boka vil framstille mange hundre norskamerikanske misjonærar, vil han konsentrere seg om eit tjuvetal misjonærar i boka som truleg vil bli utgitt neste år.

Blei kalt djevlar

Til boka får Greipsland hjelp frå tidlegare professor Gracia Grindal ved Luther Seminary i St. Paul, Minnesota, dosent Erik Kjebekk og misjonsprest Sigmund Edland. Han har òg vore i kontakt med misjonsorganisasjonar og kyrkjer, og historielag både i USA og her i Noreg. Greipsland ønskjer òg å kome i kontakt med personar som sit på informasjon om norskamerikanske misjonærar.

– Kva funn trur du at du vil gjere i arbeidet med denne boka?

– Eg trur eg vil finne mykje om sjukdom og tidleg død, og om motstand. I Kina blei utlendingar kalla djevlar og vart motarbeida. Motstand møtte også ei norsk kvinne frå Oppland som ein ung mann vil steine i hel. Men ho kom seg unna, og mannen blei hennar beste medarbeidar, fortel Greipsland.

Vil inspirere til misjonsteneste

Dei norskamerikanske misjonærane som blir omtalte i boka, var ganske vanlege, yngre kristne som var med i kyrkjer der kallet til misjonsteneste stod sentralt. Tilbake kom brev med informasjon om land amerikanarane knapt hadde høyrt om.

– Eg voner boka kan inspirere unge i dag til misjonsteneste. Og eg trur alle vil bli overraska over å lese om den store breidda i dette arbeidet, og kor mange som reiste ut som misjonærar til stader der dei arbeidde saman med norske misjonærar. Ser ein gjennom lista med misjonærnamn, vil svært mange finne misjonærar som reiste ut frå heimstaden deira eller har røtene der, seier Greipsland.

Frå tidlegare av har forfattaren skrive og redigert 17 bøker med eit samla salstal på over 140.000. Fire av dei handla om norsk utvandring. KPK