Tag Archive for: Odd Asbjørn Nybø

Formannskandidat: ODD ASBJØRN NYBØ

Alder: 64 år Sivilstand: Gift, 3 barn og 6 barnebarn. Dagleg virke: Aktiv AFP-pensjonist. Livrett: Eg er nokså altetande, men set stor pris på eit fiskemåltid. Kyrkjetilknyting: ImF Trossamfunn. Når eg skal kobla av, tek eg meg ei hagevandring.

– Kva er ditt tilhøve til ImF?

Heile mitt vaksne liv har eg hatt eit stort engasjement i indremisjonen, det vere seg som lagsleiar, leirleiar, styrearbeid lokalt og i kretsen, og stort engasjement i Sunnmøre Indremisjon sitt friskulearbeid. Eg har vore med i oppstarten av tre friskular, den siste no etter at eg gjekk av med pensjon. Så har eg vore med i styret for ImF sidan 2009.

– Kva eigenskapar og føresetnadar har du for å løysa formannsoppgåva på ein god måte?

Eg har lang erfaring frå ImF på alle plan, har stort pågangsmot og har stort sett søkelys på å nå oppsette mål utan å vere for opptatt av problema som vil kome undervegs. Dei taklar vi når dei kjem.

– Kvifor vert Gabriel Pollestad ein god formann?

Han har stor erfaring frå indremisjonsarbeidet, både lokalt og på kretsplan. I tillegg har han leiarerfaring frå næringslivet, og så er han framleis ein ung mann.

– Kva er den største utfordringa som ventar ImF i åra som kjem?

Den store utfordringa i indremisjonsarbeidet er å få dei unge som tek del i ungdomsarbeidet, til å verte ein del av forsamlinga når dei har vorte unge vaksne. Denne overgangen må vi ha eit sterkt søkelys på. I tillegg må vi få på plass grundig og systematisk bibelundervisning for både born, unge og vaksne.

– Kvar ligg den største moglegheita?

I våre kristne friskular, vidaregåande skular og grunnskular med både barne- og ungdomstrinn.

– Kva er din drøm for ImF dei neste åra?

Min draum er at vi må få etablere livskraftige forsamlingar i ei heil rekke bygder og byar med eit systematisk bibelopplæringsprogram for både unge og eldre, og at borna og
dei unge i desse forsamlingane må få tilbod om å gå på kristne friskular.

– Kva tenkjer du om ImFs plass og rolle i det store kyrkje- og organisasjonslandskapet?

ImF har ei viktig rolle. Når den norske kyrkja no har svikta, må ImF stå klar til å føre vidare det som kyrkja har gitt opp. Vi må invitere inn til ImF Trossamfunn både den store medlemsmassa på bedehusa våre og menneske som har hatt sin heim i Den norske kyrkja og som no er på leit etter eit alternativ. På dei bedehusa som indremisjonen eig, er det
naturleg at indremisjonen sit i førarsetet når forsamling skal byggast, men vi må vere svært opne for dei andre organisasjonane som har hatt arbeid på bedehusa, så dei får vere med vidare på ein god måte.

– Ludvig Hope stod for linja «i kirken – ikke under kirken». Er dette framleis ein farbar strategi, særleg i lys av vårens kyrkemøte?

Nei, den tida er definitivt forbi.

– Korleis vil samarbeidet med dei andre organisasjonane arta seg i åra som kjem?

I forsamlingsarbeidet på bedehusa er det svært viktig å ha eit godt samarbeid med alle organisasjonar som høyrer til på bedehuset. Når det gjeld trussamfunn, hadde eg svært gjerne sett at vi fekk eit bedehustrussamfunn der vi alle kunne høyre til, samtidig som vi har våre ulike hjartebarn i organisasjonane.

– Med jamne mellomrom vert det ytra ynskje om å gjere samarbeidet så tett at det til slutt
blir ein fusjon. Kva tenkjer du om ein slik fusjon med andre organisasjonar?

Eg er positiv til fusjon med andre organisasjonar for på den måten å få eit sterkare bedehusarbeid, og eg ser fordelar med å ha færre organisasjonar å forhalde seg til i bedehuslandskapet. Likevel trur eg det vil verte vanskeleg å fusjonere. Bedehusfolket er glade i organisasjonane, og eg trur mange tenkjer at dei «misser» organisasjonen sin om det vert fusjon.

– ImF oppretta i 2009 eige trussamfunn. I etterkant søkte dei òg vigselsrett. NLM valde i fjor ein modell som var ganske lik, men utan vigselsrett. Bør ImF Trossamfunn halde på vigselsretten eller seie denne frå seg?

ImF Trossamfunn bør halde på vigselsretten og gjennom vigselspraksisen markere at ekteskapet er livslangt og for mann og kvinne.

– Hvor er ImF om 10 år?

Om 10 år trur eg ImF er ein organisasjon med sterkare band mellom foreiningar/ forsamlingar og krets og forbund – eit indremisjonsfolk som er medvite om kvar dei høyrer til – og med eit sterkt misjonsengasjement.

Skole leter etter nytt bygg

Møre barne- og ungdomsskole Skodje bruker Facebook for å finne nye lokaler.

«Vil du hjelpe oss med valg av skulehus-plassering?» står det i en melding på Facebooksiden til Møre barne- og ungdomsskole Skodje. Meldingen har en lenke til et skjema hvor interesserte kan krysse av for bostedskommune, hvor de mener skolen bør plassere permanent skolehus, og hva som er viktig for dem med tanke på valg av skole.

Tilbakemelding
– Det er en kanal for å få tilbakemelding fra de som har barn på vår skole, og de som er interessert i å bruke den. Vi har også sendt direkte mail til foreldre, sier rektor Ingrid Kvam Steinshamn ved Møre barne- og ungdomsskole Skodje til sambåndet.no.

Skolen har godkjenning for 195 elever. Den begynte i fjor og har hatt 40 elever dette året fra 1.–10. trinn. Ifølge Kvam Steinshamn blir det rundt 60 elever neste år. Det første året har skolen leid i lokaler på Brusdal skole, men nå ser man etter et permanent skolehus.

Engasjerer folk
– Hva slags tilbakemeldinger har dere fått?

– Foreløpig har vi fått 110-120  tilbakemeldinger. Dette engasjerer folk. Det er absolutt flest som vil at det nye skolehuset skal ligge i Skodje sentrum eller på Digerneset som også er ganske sentralt i kommunen, sier Kvam Steinshamn.

Skolen har hatt kontakt med ordfører og rådmann om saken, men kommunen har ikke noe bygg som skolen kan kjøpe.

Kommunikasjon
– Det er to faktorer som er viktige å ta i betraktning. Siden elevene kommer fra flere kommuner, er det viktig med kommunikasjon, at skolen ligger ved et trafikknutepunkt. Samtidig må vi legge vekt på hvor elevene bor, slik at flest mulig kan ha gangavstand til skolen, og da blir Skodje sentrum meget aktuelt, sier styreleder Odd Asbjørn Nybø.

– Vi har mulighet til å kjøpe lokalene vi leier, og vi har vi leiekontrakt der for to år til. Det er litt viktig at vi klarer å ta en bestemmelse ganske snart, legger han til.

Innhold og geografi
Kvam Steinshamn tror det blir krevende å lande permanent i Brusdal siden det ligger i utkanten i kommunen og ved siden av et drikkevann.

– Vi må prøve å finne en løsning som kan vare noen år. Det mest sannsynlige ser ut til å bli at vi kjøper en tomt og bygger selv, sier hun.

– Hva svarer folk er viktig for dem med tanke på valg av skole?

– Det er en blanding av innhold i skolen, som går på miljø, læring og voksentetthet, og geografisk plassering, som er avgjørende, sier rektor Ingrid Kvam Steinshamn.