Innlegg

HJELPEMIDDEL: – Yngre tåler at forkynninga tek litt tid, om ho berre er godt presentert, meiner Viggo Klausen, som nyttar «ein del remedier» for å halda på merksemda. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Møter ikkje behova til barna som er over ti år

– Utan Den heilage ande kan ikkje barn og unge få nokon Jesus-relasjon, meiner Viggo Klausen.

«Måten han møter barn på, er magisk», står det i Oase-programmet om Viggo Klausen, noko han ikkje uten vidare seier «amen» til. Men at han har eit konstant engasjement for barn og ungdom – særleg for tweens som er aldersgruppa frå 10 til 13 år – er det ingen tvil om.

Klausen har òg vore talar på fleire Awana-konferansar og er tidlegare omtalt i Sambåndet, seinast i nr. 2/22.

Predikanten ser at kyrkjelydar har lagt mykje innsats i barne- og ungdomsarbeid og trusopplæring dei siste ti åra, men ropar likevel eit varsku.

– Det har vore ei rivande utvikling i dette arbeidet, men vi slåst mot ein stygg statistikk. Svært mange som kjem frå kristne familiar, er borte frå alt saman før dei fyller 20, seier Klausen.

Han har ikkje sjølv granska dette vitskapeleg, men det har baptisten og doktorgradsstudenten Roald Zeiffert. Forskinga hans – som Sambåndet òg har omtalt – syner ifylgje Klausen at kristne kyrkjelydar har mange av dei same røynslene  som idretts- og kultur-Norge.

– Vi har gode resultat med barn fram til dei er ti år, men når dei vert eldre enn det, møter vi ikkje behova deira. Etter konfirmasjonstida ramlar mange av. 70-80 prosent av alle frå kristne heimar, forsvinn. Dei er ikkje naudsynlegvis borte frå trua, men vi ser dei ikkje i kyrkjelyden. Tar vi ikkje dette på alvor, går vi inn på ein dødsveg, seier han.

Travel og tilbakelent

Viggo Klausen er ein tilbakelent karakter, men ein sommartravel mann. Idet vi knip han mellom slaga i eit tett opplegg, slappar han av i sofaen og tek seg god tid. Men no i høgsesongen er han alt anna enn virkelaus. Medan andre ferierer, er predikanten på jobb.

SERIØS: – Når vi gir familiane reiskapar så dei kan formidla den kristne trua, tar vi óg barna på alvor, seier Viggo Klausen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Halve livet har 51-åringen frå Moss programmessig vore med på Misjonskirkens Liv & Vekst-stemne. I år er han ikkje der.

– Og det er heilt greit, seier han og karakteriserer det som eit oppbrot at han i fjor slutta i kyrkjesamfunnet og starta foreininga Velkommen Hjem. Dei jobbar på tvers av kyrkjelandskapet «for at nye familier skal få oppleve Jesus på sitt hjemsted».

I år starta Klausen skule«ferien» i Trysil med teltmøte i regi av lokale pinse- og misjonskyrkjelydar. Så var han i elden på Misjonskirken Ung sin speidarlandsleir på Vegårshei og i veke 28 på sommarstemnet i Sarons Dal. 15.-17. juli sto Oase-stemnet i Fredrikstad for tur, medan bibelcampen på Justøya var neste stopp i veke 29.

Tidleg i august er det tid for 10:13-festivalen på Horve i Rogaland i regi av Normisjon.

– Det er ein kjempesvær festival etter norske tilhøve, med 300-400 tweens, ein profesjonell og kul leir. Det er ei ære å få vera med på han, synest Klausen.

KPK møter han på Normisjon sin Åpen Himmel-leir i Grimstad i veke 27, geografisk ein typisk arbeidsstad for den vegfarande predikanten med base i Kristiansand. Han reiser mest i Agder og på Vestlandet, men i haust forkynner han under ein tverrkyrkjeleg paraply i Bodø.

Tar barn på alvor

Før starten på Oase-stemnet vert Klausen presentert som ein som inspirerer kyrkjelydar til å «ta barn på alvor». Då dreier det seg om å utruste foreldre og besteforeldre, onklar og tanter.

– Når vi gir familiane reiskapar så dei kan formidla den kristne trua, tar vi óg barna på alvor. Det er nok det Oase meiner med presentasjonen av meg, at eg tek barn si tru veldig seriøst. Eg trur ikkje dei er kyrkja si framtid. Dei er veldig kyrkja si notid. Derfor gir eg dei ein skikkeleg porsjon forkynning. Dei skal få den beste bodskapen, presentert på ein kreativ og god måte, seier han og legg til eit ekstra poeng som garantert kling godt hjå Oase-folk:

– Heile livet har eg vore oppteken av Jesus-relasjonen. Det er grunntonen i forkynninga mi. Og barn og unge har ikkje ein tjangs til å få eit tilhøve til Jesus utan Den heilage ande. Dei treng Anden like mykje som oss vaksne, seier Klausen til Kristelig Pressekontor.

Avslappa karismatikar

Han kallar seg ein «avslappa karismatikar». Med bakgrunn i De Frie Evangeliske Forsamlinger vart han evangelist, ganske snart med barn og ungdom som spesialitet. I eit møtetelt ved Melløs stadion vart han fyld av Den heilage andre. Han ser seg sjølv som avhengig av det Anden gjer, men passar på å seia at han ikkje trykkjer dåpen i Anden på tilhøyrarane sine.

– Vi kan berre gi rom for Den heilage ande og hjelpa barn og unge til å forstå kva Anden gjer. Vi kan ikkje gå lenger enn det. Så kan vi setja av tid, men eg er særs varsam og vil ikkje vera manipulerande. Eg er ikkje fan av neddempa ljos og låg stemme. Eg gjer minst mogleg for å laga ei bestemt stemning, men jobbar for at det iblant skal vera litt ro i salen.

Held folk i ande

Klausen sleng ikkje berre inn ein andakt på fem minutt. Ein liten halvtime må til for at det skal bli bra nok.

– Det er viktig at ungane får skikkeleg andeleg mat, ikkje berre aktivitetar, seier han.

Sjølv dei yngre tåler at forkynninga tek litt tid, om ho berre er godt presentert, meiner han. Og det krevst «ein del remedier» som bilete, musikk og gjenstandar for å halda på merksemda.

– Er det viktig å underhalda, eller tåler ungar alvor óg?

– Då vil eg seia som Billy Graham – at vi ikkje må vera redde for ordet «underhaldning». Det betyr berre at vi held folk i ande, og eg er ikkje redd for det. Det er i den tydinga eg nyttar det, seier han, men betrur oss samstundes at han er redd for at han ikkje alltid får det til.

– Det som set ein skrekk i meg, er frykta for at dei keiar seg. Eg er litt redd for dødtid. Det har ikkje noko på eit barnemøte å gjera. Planlagd stille, derimot, er noko anna. Eg kan godt leggja inn ein time out på to minutt så alle i rommet kan be kvar for seg.


DIGITALT: I sommar slepp Viggo Klausen den fjerde sesongen av Viggo for t(w)eens, med modige tema som «Fri vilje», «Hvem er Den hellige ånd?» og «Hvorfor skal jeg vite noe om porno?». Foto: Misjonskirken Ung.

Digital-Viggo 

Dei som ikkje får nok av Viggo Klausen live, kan óg sjå og høyra han digitalt. I sommar slepp han den fjerde sesongen av Viggo for t(w)eens, ein serie korte videoar med bitar av undervisninga hans, intervju med gjester, dramatisering av bibelhistorier og spørjekonkurransar med læringsplattformen Kahoot som reiskap. Mykje av dette ligg på Youtube og er nedlastbart. Den siste sesongen vert presentert på Misjonskirkens Ung sin nettstad i august.

– Innspelingane gjev gode verkty til leiarar og foreldre og er mest meint som hjelpemiddel for folk som tykkjer det er litt vanskeleg å forkynna for barn og unge. Dei kan nyttast når barnekoret skal ha ein pause, i tweensgrupper i heimane, i kyrkja eller på sundagsskulen, seier Viggo Klausen, som gir alt han har for å motverka keisamt barne- og ungdomsarbeid. KPK

Artikkelen er skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor.