Bibelen som sakte-tv? Ikkje ubetinga
NETT-LEIAR: Salme-maratonen i helga kan bli avløyst av Bibelen minutt for minutt, skriv Dagen fredag. Generalsekretær Ingeborg Mongstad-Kvammen i Bibelselskapet har alt lufta tanken for sakte-tv-ansvarleg i NRK, Thomas Hellum.
Ein skulle tru at ein indremisjonsmann ville ha jubla over tanken. For den er bibelsk, er den ikkje? «Ta deg særskilt av skriftlesinga» (1. Tim 4,13), «Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk (Kol 3,16)».
Men eg skreiv på mikrobloggtenesta Twitter at eg er skeptisk. Kvifor det? Fordi det truleg ville ha blitt ei gjennomlesing utan at noko vart sagt om samanhengen enkeltversa står i, utan opplysning om at Gud har handla i historia på ulike måtar til ulike tider og overfor ulike folk.
Isolert sett står det mykje vondt og vanskeleg i Bibelen, særleg i Det gamle testamente. I sommar vart eg oppmoda av debattredaktøren i Vårt Land om å kommentera eit utspel mot ein cd frå Søndagsskolen Norge som til dømes dramatiserte situasjonen der kona til Potifar freistar å få Josef til å gjera seg skuldig i utruskap. Eg sa meg einig i at det ikkje var naudsynt å presentera denne historia for born ned i fireårsalder, og i alle fall ikkje utan forklaring.
Han som kom med utspelet, meinte at det ikkje var behov for å trekkja fram dei gammeltestamentlege førebileta på Jesus (som til dømes Josef) i det heile. Det fulgde eg han ikkje i, for me har fått ein heil bibel, men eg meinte at det med ein del tekstavsnitt ikkje er ideelt at dei blir lesne utan ei ramme rundt seg. Eg brukte høgtlesing på gater eller i handlesenter som døme. Kva om ein bibelukyndig som går forbi, høyrer om krig og nedslakting av menneske og trur at han med det har fått eit representativt bilete av Bibelen?
Eg tenkjer på same måte om forslaget om Bibelen minutt for minutt på NRK. Det er tydeleg at Mongstad-Kvammen ser føre seg meir enn berre lesing – ho snakkar om både rap-artistar, skodespealarar og teater, men ikkje noko om det eg tek opp her.
Når me kjem over vanskelege ting i Bibelen, og det gjer me alle, er det avgjerande at Bibelen får forklara seg sjølv ved hjelp av Den heilage ande og det lyset Han kan gje over skriftordet. Då kan ein ikkje berre lesa seg gjennom og forbi dei vanskelege avsnitta. Eg er redd for at verken rap eller skodespel kan bøta på det, og eg vil oppmoda Bibelselskapet om å gå litt saktare fram med dette i tanken.
I innlegget mitt i sommar siterte eg frå Nehemias 8,8, og det har same relevans no: «Dei las opp frå Guds lovbok medan dei tolka og forklara det som vart lese, slik at folket skulle skjøna.» Resultatet kjem i vers 12: «Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei.»
Ein smule debatt om leiaren kan du lesa her. Skriv òg gjerne i kommentarfeltet under