Kyrkjeordning for framtida

  Debatten om framtida for Den norske kyrkja (DnK) er i full gang. Her er nokre av mine refleksjonar. Den norske kyrkja har gjennom århundre vore til rik velsigning for mange. Trass i alle skavankar, er den geografiske utbreiinga eit stort pluss. Slikt skal vi ikkje knipsa av. Utviklinga i landet med religions- og livssynsfridom […]

 Kyrkjeordning for fr...

Debatten om framtida for Den norske kyrkja (DnK) er i full gang. Her er nokre av mine refleksjonar.

Den norske kyrkja har gjennom århundre vore til rik velsigning for mange. Trass i alle skavankar, er den geografiske utbreiinga eit stort pluss. Slikt skal vi ikkje knipsa av.

Utviklinga i landet med religions- og livssynsfridom har lagt stor vekt på å gje andre trus- og livssynssamfunn tilnærma lik behandling. Det er viktig respekt for desse, til velsigning for landet inklusive oss som tilhøyrer DnK. Dette bør likevel ikkje hindra at kyrkja også i framtida har sentral plass i folket sitt offisielle liv.

Prinsipielt bør vi alle respektera at DnK får nye relasjonar til staten. Korkje prinsipielt eller misjonsstrategisk bør vi som organisasjonar halda på statskyrkja som ”ein nøytral fotballdomar”.

Kyrkja sitt største problem er likevel ikkje staten. Kyrkja sin eigen teologiflukt bort frå kyrkja sitt vedkjenningsgrunnlag, og kyrkjeleiinga sin manglande vilje til å motarbeida denne utviklinga, blir kyrkja sitt største problem uansett kyrkjeordning.

Den offisielle kyrkja sitt store pluss er dei prestar, andre tilsette og rådsorgan som saman med medvitne kristne i kyrkja, aktivt arbeider i tråd med Bibel og vedkjenning. Dei fortener alle truande si støtte og forbønn. Sjølv om eg som organisasjonsleiar aldri har hatt som parole å arbeida aktivt for å få indremisjonsfolk inn i rådsorgana, har eg stor respekt for alle som tek sitt ansvar der. For ordens skuld reknar eg med at dei i tilfelle er med der i beste forstand på rådsorganet sine premisser, og ikkje som indremisjonsrepresentantar. Høyrer stundom at nokon prøver å utnytta sin rådsplass til fordel for eigen organisasjon. Eg vil gjerne gjera det klart: Det er inga indremisjonslinje!

Indremisjonsforbundet (ImF) er ikkje medlem av DnK. Derimot er dei fleste indremisjonsvenner medlemmer. ImF og bedehuset har vakse fram som ein åndeleg heim og misjonsarbeid innafor DnK. Eg er ikkje i minste tvil om at det er til velsigning for båe partar.

I dag veit vi at fleire enn før har samvitsvanskar med sitt kyrkjemedlemskap. I ImF har vi respekt for det. Samtidig seier vi klart i frå at kyrkjemedlemskapet er eit ordningsspørsmål som vi ikkje skal bruka til å binda andre sitt samvit. Dei fleste av oss ser ikkje sjølve ordningsspørsmålet som samvitsspørsmål. Organisatorisk har ImF teke høgde for framtida med å inkludera både dei som er medlemmer i DnK, dei som er medlemmer i andre lutherske kyrkjesamfunn, og dei som ikkje har formelt kyrkjemedlemskap. I det ligg det også at spørsmålet om kyrkjesamfunn ikkje er det viktigaste prinsipielle spørsmålet. Vårt kall er å vera eit misjonsfolk på evangelisk luthersk grunn i truskap mot Guds ord. Vår overordna visjon er eit styrka bedehusliv uansett ulike lokale vegval som tradisjonelt bedehusarbeid, variert forsamlingsbygging og forsamlingsbygging (kyrkjelydsorganisering) med full nådemiddelforvalting. Med denne integriteten kan vi også samarbeida konkret  på tvers av kyrkjesamfunn og organisasjonar.

Ønske om på ein eller annan måte å tilhøyra eit større fellesskap er faktisk sterkt hos mange. Når ein er usikker på kyrkjemedlemskapet, kjem spørsmålet om kva ein då kan gjera. For ImF vil det vera naturleg å kombinera lokalt medlemskap med sentralt register slik som i dag for foreiningane og forsamlingane. Det kan vera viktig signal om at ein møter omsorg i vårt mobile samfunn. Eg kan i dag ikkje sjå at andre kyrkjesamfunn er reelle alternativ eg vil tilrå!

Indremisjonen forstår vår forsamlingsrett og kallsrett med basis i Guds ord og vår vedkjenning. Denne legg vekt på læretruskap og

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.