Sambåndet

Torsdag 18. oktober 2018
RSS

Tid for påmelding

 FOR 17. GONG: Indremisjonsforbundet arrangerer 11.-15. juni 07 Landseldrestemne på Bildøy for 17. gong. Senior-konsulent Nansy Thormodsæter har programmet klart og ventar nå at påmeldingane skal strøyme inn. FOTO: KJELL HAUAN Av Kjell Hauan Programmet for Landseldrestemnet 07 på Bibelskolen Bildøy er klart og brosjyrar er sendt ut. Nansy Thormodsæter ventar at dei første påmeldingane […]

Av admin. Publisert 22. desember 2006.
  
FOR 17. GONG: Indremisjonsforbundet arrangerer 11.-15. juni 07 Landseldrestemne på Bildøy for 17. gong. Senior-konsulent Nansy Thormodsæter har programmet klart og ventar nå at påmeldingane skal strøyme inn.
FOTO: KJELL HAUAN

Av Kjell Hauan

Programmet for Landseldrestemnet 07 på Bibelskolen Bildøy er klart og brosjyrar er sendt ut. Nansy Thormodsæter ventar at dei første påmeldingane kjem allereie før jul.
– Om ein ikkje har fått program tilsendt, kan ein kontakte Indremisjonsforbundet. Det er berre å skunde seg, for dei som melder seg først får dei beste plassane, seier seniorkonsulenten.

Ho meiner det praktiske ligg godt til rette, og kan love godt stell på Bibelskolen 11.-15. juni 2007. Sist sommar var 16 av deltakarane på Landseldrestemnet (LES) der for første gong. Nansy Thormodsæter vonar på nyrekruttering også neste sommar.
– Når vert ein gamal nok til å reise på LES?
– Vi tenkjer på aldersgruppa frå 55 år, eller 55+ som vi kallar det på bibelcampen i Lyngdal.
Nansy Thormodsæter oppmodar nye til å leggje turen til Bildøy midt i juni neste år. Sjølv om mange kjem att år etter år, er det plass til nye.

Himmel over livet
Tema for bibeltimane på LES er «Det evige livet». Bibeltimehaldar er Gunnar Kjøde, tidlegare krinssekretær i Sunnmøre Indremisjon.
– Han ønskjer å peike på det som ventar dei som trur på Jesus, og som kan skape meir himmel over livet her, fortel Nansy Thormodsæter.

Bjarne Eide, Gottfred Eriksen, Karl Johan Hallaråker og Arnfinn Norheim står også på lista over talarar. Songen og musikken tek Kåre Steinsund, Ingunn og Alv Magnus Tysse og Fiskarheimens musikklag seg av.

 

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Bedehusfolk som har gitt uttrykk for savn av liturgi i forsamlingene, får nå et alternativ.

Laget utfordrer kristne forskere og forelesere om å stå fram slik at ferske kristne studenter kan få noen forbilder.

Finansiering er på plass og grunnarbeidet i gang for den lenge planlagte ridehallen på KVS-Bygland.

Er til dømes saudiarar som har konvertert til kristendomen i løyndom, kristne, spør professor Berit Thorbjønrsrud.

Både KrF og Kristne Friskolers Forbund vil ta opp saken om kraftige kutt i statstilskuddet til naturbruksskoler.

Copyright © Sambåndet 2018