Rekordstort kortkurs

 MØTTES IGJEN PÅ KORTKURS: Turid Egeland var elev på bibelskolen i C. Sundtsgate i 1961. Åtte av elevane møttes igjen på kortkurset på Bibelskolen Bildøy Bergen. FOTO: VILHELM VIKSØY Av Vilhelm Viksøy Johannes Romarheim fekk ideen i fjor haust, kanskje skulle dei få til eit gjensynstreff på Bildøy. Fyrst slo han det frå seg, men […]

Turid Egeland... 
MØTTES IGJEN PÅ KORTKURS: Turid Egeland var elev på bibelskolen i C. Sundtsgate i 1961. Åtte av elevane møttes igjen på kortkurset på Bibelskolen Bildøy Bergen.
FOTO: VILHELM VIKSØY

Av Vilhelm Viksøy

Johannes Romarheim fekk ideen i fjor haust, kanskje skulle dei få til eit gjensynstreff på Bildøy. Fyrst slo han det frå seg, men han fekk ikkje fred. Dette var noko å satsa på. Det var ingen veg utanom, det var berre å ringja alle 28 som gjekk vårkurset i 61. Åtte blei med, og det kunne ha vore fleire om ikkje sjukdomar og sydenturar hadde kome i vegen.

Gode timar
Turid Egeland var ei av dei som vart med. Ho var sytten år og yngst på kullet i C. Sundtsgate. Dette går aldri, tenkte ho då telefonen kom. Avtaleboka var for full, og det var vondt å få til ei veke slik midt i året. Men så ordna det seg med ei ferieveke frå jobb likevel, og det er ho glad for i dag. Det har blitt tid til både mimring og skole, og undervisninga har gjort godt.

– Det har vore veldig fine timar. Det er flott å setja seg ned og lytta til Guds ord, seier Turid Egeland, som sette ekstra pris på timane til bibellærar Roald Kvam.
– Han har vore flott. Han er så engasjert, og då blir me det òg. Han er så livsnær og talar rett inn i kvardagen. Det er ikkje berre ord, men levd liv han formidlar, seier Egeland som skryter av dei alle og kor godt undervisninga vert lagt til rette med utdelte notat som gjer alt så mykje enklare for henne som elev. Opphaldet på kortkurset er ikkje dyrt, meiner ho.
– Nei. Det er veldig billeg. Ualminneleg billeg, vil eg seia. Snaue 2000 kroner for ei heil veke med kost og losji og flott undervisning er ikkje mykje. Du ligg ikkje mange nettene på hotell for den prisen, seier ho.

Fellesskap
Eit kortkurs på bibelskolen har sin eigen timeplan, men følgjer dagsrytmen til årselevane. Det vil seia at dei et i lag, har morgonsamling saman og deler fellesskap gjennom dagen. Det er berre positivt, meiner Egeland.
– Ja, det har vore ei flott oppleving. Dei er så blide og hyggelege. Og så gler det meg å sjå at det gror i indremisjonen framleis, seier Egeland. Det same inntrykket deler kursleiar Annbjørg Barane.

Fellesskapet på dette kurset var ekstra godt, og Barane skryter av kor godt kortkurselevane vart tatt imot. Ho peikar også på det store spennet i alder på dette kurset.
– Den yngste deltakaren var 19 og den eldste over 80, og me hadde deltakarar frå alle «tiår», unntatt dei i 30-åra, seier Barane, som har mange kurs bak seg frå tida ho var tilsett ved Bibelskolen.
Det kjekke no er at eg kan følgja heile kurset og slepp å springa  til og frå mellom andre oppgåver i ein skolekvardag, seier Barane, som oppfordrar andre elevkull til å bruka ideen og møtast igjen på eit kortkurs.

Neste høve er 28. okt – 2. nov.

 Kortkurset våren 07
REKORDKULL: Kortkurselevene februar 07. FOTO: PRIVAT

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.