Sambåndet

Tirsdag 25. april 2017
RSS

Klar til innsats

 KLAR TIL INNSATS: Steinar Konrad Blom (t.h.) frå Framnes kristne videregående skole og Bjarte Hetlebakke frå Danielsen Videregående skole, var begge godt nøgd med Misjonskonferansen. (FOTO: VILHELM VIKSØY) Av Vilhelm Viksøy – Det har vore veldig interessant og lærerikt. Eg har fått mange innspel og konkrete tips eg kan ta med tilbake til skulen, seier […]

Av admin. Publisert 5. mars 2008.
  
KLAR TIL INNSATS: Steinar Konrad Blom (t.h.) frå Framnes kristne videregående skole og Bjarte Hetlebakke frå Danielsen Videregående skole, var begge godt nøgd med Misjonskonferansen. (FOTO: VILHELM VIKSØY)

Av Vilhelm Viksøy

– Det har vore veldig interessant og lærerikt. Eg har fått mange innspel og konkrete tips eg kan ta med tilbake til skulen, seier Steinar Konrad Blom (17), elev ved Framnes kristne videregående skole. Han får raskt støtte frå Bjarte Hetlebakke (17) frå Danielsen videregående i Bergen.
– Eg kjenner meg inspirert. Det er godt å sleppa vekk frå ein travel skulekvardag og vera her, bli kjent med elevar frå andre skular og ta imot mykje lærdom eg kan ta med heim, seier Hetlebakke.

Godt samhald
Tanken bak konferansen er at ImF-skulane skal plukka ut gode leiaremne som dei ynskjer å satsa på og senda dei til ei felles inspirasjonssamling. Tema for årets samling var «min plass i det kristne arbeidet» og begge ungdomane meiner dei fekk mykje igjen for å vera med.

Det er tredje året at denne misjonskonferansen vert arrangert og årets konferanse er den minst besøkte med berre 13 elevar. Det er halvparten av det undervisningskonsulent i ImF, Jostein Skutlaberg ynskjer seg.
– På førehand då eg såg påmeldingane, tenkte eg, dette vert siste konferansen, men no er eg ikkje sikker. Flokken som kom var ein god flokk og eg trur meg greidde å gje dei mykje nyttig for kvardagen deira. Eg trur det hadde stor verdi for dei som var her og eg er glad me gjennomførte konferansen, seier Skutlaberg.

Folkehøgskulesvikt
Den viktigaste grunnen til få deltakarar var at verken folkehøgskulane eller Møre-skulane hadde anledning til å senda elevar til konferansen. Skutlaberg veit at skulekvardagane er travle og at ikkje alt passer inn i timeplanen til ei kvar tid, men utan at skulane viser interesse, er ikkje konferansen liv laga. Difor vil han no i dialog med skulane for å samtala om vegen vidare.
– Akkurat no, med årets konferanse friskt i minne, har eg veldig lyst til å halda fram, men eg må snakka med skulane. Kanskje kan vegen vidare vera å utvida konferansen til ikkje berre å vera for skulane, men for leiartalent i krinsane òg, tenker Skutlaberg høgt.

For Hetlebakke og Blom var ikkje få deltakarar noko heft.
– Nei, då vart me berre endå betre kjent og samhaldet desse dagane vart ekstra godt, seier ungdommane.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Fire kretser i Indremisjonsforbundet (ImF) leter etter ny leder. En løsning kan være sammenslåing av kretser til regioner, sier formann i ImF-styret, Odd Asbjørn Nybø.

Copyright © Sambåndet 2017