Sambåndet

Fredag 22. september 2017
RSS

Fekk frivilligheitspris

 ILDSJEL: Atle Våge har lagt ned utallige dugnadstimer på den nye bowlingbanen på Fjell-ly. FOTO: KURT URHAUG(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Øystein Lid – Me opplevde dette som ein pris til heile Fjell-ly-familien, seier Atle Våge, som også sit i ImF sitt forbundsstyre. – Eg tenkte fyrst at det var bowlingbanen dei gav prisen for, men då eg mottok […]

Av admin. Publisert 22. januar 2009.
  
ILDSJEL: Atle Våge har lagt ned utallige dugnadstimer på den nye bowlingbanen på Fjell-ly. FOTO: KURT URHAUG
(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Av Øystein Lid

– Me opplevde dette som ein pris til heile Fjell-ly-familien, seier Atle Våge, som også sit i ImF sitt forbundsstyre. 
– Eg tenkte fyrst at det var bowlingbanen dei gav prisen for, men då eg mottok prisen viste det seg at det er heile arbeidet med Fjell-ly frå 2001 – 2008 som no får honnør, seier prisvinnaren til Sambåndet.

I uttalinga frå juryen på Fjell kommune sine nettsider vert det sagt at Våge har «stått i bresjen for massiv dugnadsinnsats» både for ungomdskaféen, gymnastikksalen, bowlingbanen og det nye kjøkenet på Fjell-ly.

Låg terskel
– Korleis fekk du idéen til bowlingbane?
– Det begynte med at me sprengte meir enn me skulle. Han som sprengte gjorde det gratis. Me hadde ingen faste planar frå før, så etter kvart kom idéen om bowlingbane fram. Tilbodet er primært retta mot dei unge som eit lavterskel-tilbod som skal gjera det lett å koma på besøk. I neste omgang vil dei kanskje koma på leir, seier Våge håpefullt.

Million-dugnad
Bowlingbanen skal vera open både på kveldstid om kvardagane og i helgene, og skal vera billigare enn konkurrentane. Våge og kompani har nemleg greidd å byggja alt dei har gjort med ymse tilskot og frivilleg arbeid, slik at prisen vert relativt rimeleg. Våge kan avsløra at bygningsverdien no er på 30 millionar kroner, og meir enn halvparten av det er dugnads-arbeid.

Framleis idéar
Ideane som etter kvart har vorte til liv, såg ikkje dagsens ljos med det fyrste.
Atle Våge skildrar det som ei snøball-effekt.
– Me såg mulig-heitene etter kvart. Det har vorte mykje betre og finare enn det me fyrst såg for oss. Me har stadig utvikla nye idéar, og kanskje er det ikkje heilt ferdig endå.

– Betyr det at du også no har nye idéar som du bryggjer på?
– Det vil eg ikkje svara på, ler Våge, og mumlar noko om papirarbeid som må skyflast unna.

Laurdag 10. januar vart bowlinghallen innvia med gratis entré og bowling til langt på natt.

 

Les VestNytt: Snart åpner luftslottet

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Det er forskjell på hvordan Gud kommuniserer «i fordums tid» og i «disse siste dager».

Sloveneren Primoz Roglic klatret i går inn til tempo-sølv i sykkel-VM. Oppladningen hadde han på ImF Midthordland sitt leirsted, Fjell-ly.

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik og forfatter og forkynner Asle Hetlebakke er blant gjestene når Molde folkehøgskole denne uken skal feire 100-årsjubileum.

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Copyright © Sambåndet 2017