Sambåndet

Onsdag 20. september 2017
RSS

Huitfeldt snudde vedtaket

   RELIGIONSFRIHET: Statsråd Anniken Huitfeldt heldt pressekonferanse torsdag der ho gjorde kjent at ho omgjer vedtaket til Fordelingsutvalet, og Frelsesarmeen får difor likevel støtte til sitt barne- og ungdomsarbeid.(FOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK) Av Ole Andreas Husøy, KPK Statsråd Anniken Huitfeldt sa på ein pressekonferanse torsdag at ho omgjer vedtaket frå Fordelingsutvalet. Huitfeldt er sterkt usamd […]

Av admin. Publisert 20. februar 2009.

 

  
RELIGIONSFRIHET: Statsråd Anniken Huitfeldt heldt pressekonferanse torsdag der ho gjorde kjent at ho omgjer vedtaket til Fordelingsutvalet, og Frelsesarmeen får difor likevel støtte til sitt barne- og ungdomsarbeid.
(FOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK)

Av Ole Andreas Husøy, KPK

Statsråd Anniken Huitfeldt sa på ein pressekonferanse torsdag at ho omgjer vedtaket frå Fordelingsutvalet. Huitfeldt er sterkt usamd i Frelsesarmeens syn på homofilt samliv, men forsvarar deira rett til å ha eit anna syn.

Fordelingsutvalet vedtok 28. november i fjor å nekte Frelsesarmeens barne- og ungdomsorganisasjon retten til nasjonal grunnstønad for 2009. Årsaka var Frelsesarmeens syn på homofil praksis, og at soldatar i Frelsesarmeen må skrive under ei erklæring om å følgje ein viss livsstil, blant anna anerkjenne ekteskapet mellom mann og kvinne som rette ramma for seksuelt samliv.
Ein må vere soldat i Frelsesarmeen for å kunne bli vald til leiar eller nestleiar i FAbU.

To prinsipp mot kvarandre
Statsråd Huitfeldt påpeikar at det er to prinsipielle omsyn som står mot kvarandre i denne saka: Omsynet til ikkje å diskriminere og omsynet til trusfridomen.
I brevet frå Barne- og likestillingsdepartementet til FAbU står det at departementet ser på homofil orientering som ein grunnleggjande eigenskap hos eit menneske og er ikkje samd i det skiljet som nokre religiøse organisasjonar trekkjer opp mellom homofil orientering og homofil livsform. Ifølgje brevet er dette eit kunstig skilje som lett kan opplevast som krenkande.
Det blir og vist til at Stortinget har vedtatt ei felles ekteskapslov for homofile og heterofile, og at ei av grunngjevingane for lova var at ein ikkje skal rangere samlivet til menneske etter kva for kjønn partnaren har.
”Departementet aksepterer samtidig organisasjoners rett til ikke å dele dette synet. For mange religiøse organisasjoner fremstår homofilt samliv som synd og i strid med deres trosgrunnlag. For disse organisasjonene fremstår skillet mellom hva du er og hvordan du lever som en konsekvens av deres grunnsyn. Dersom en aksepterer en organisasjons rette til å forfekte et slikt syn, må en etter departementets vurdering også akseptere at organisasjonen kan stille krav til at deres ledere lever i tråd med en slik forståelse. Den praktiske konsekvensen av det blir å akseptere at en organisasjon etter demokratiske vedtak kan si nei til at homofile samlevende kan ha lederverv i en slik organisasjon”, heiter det i brevet.
Departementet seier og at Frelsesarmeen skal få dekka kostnader den har hatt i samband med klagesaka.

Glede og lette
Ei rekkje kristne barne- og ungdomsorganisasjonar har protestert mot det opphavlege avslaget på støtte til FAbU. Generalsekretær Kåre Rune Hauge i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag er talsmann for desse organisasjonane. Hauge seier at han oppfattar svaret frå statsråden som eit prinsipielt svar som gir organisasjonane rett til å stille etiske krav til sine leiarar ut frå organisasjonen sitt grunnsyn.
Kommunikasjonssjef Andrew Hannevik i Frelsearmeen seier at departementet si  avgjerd er eit godt signal til alle dei som er bekymra for trusfridomen her i landet.
Dagleg leiar Lisbeth Welander i FAbU karakteriserer det som ei gladnyheit for barna.  FAbU når ca. 7000 barn og unge gjennom sitt førebyggjande arbeid. Statsstøtta til FAbU er på om lag 1,2 millionar kroner i året. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Monica Pollestad er ny barnearbeider, og Per Åge Berge er ny forkynner i ImF Rogaland.

Hadde den tiltalte etter knivstikkingen på KVS-Bygland vært fire måneder eldre da ugjerningen skjedde, kunne han fått nesten dobbelt så lang straff.

Talar av dei mest kjende forkynnarane i Norge dei siste 50 åra blir no gjort tilgjengelege for alle.

Copyright © Sambåndet 2017