Sambåndet

Tirsdag 25. april 2017
RSS

Flukt eller kamp?

Er du på flukt vekk frå det vanskelege? Då er du i lag med mange.

Av Erik Furnes LEDER. Publisert 21. desember 2014.

Det verkar som det vert meir og meir nærliggjande å trekke seg unna det som er vanskeleg og ubehageleg, i staden for å ta det opp med rette vedkomande på ein konstruktiv måte. Det er lettare å flykte enn å kjempe. Om dette hende i ein verkeleg krig, ville vi kalle det feigt og desertering, men i livets små og store konfliktar vert det likevel ein nærliggjande utveg.

Også i den ærlege boka Bibelen finn vi menneske med slike tankar. Den gråtande profeten Jeremia skreiv: «Å, om eg fann ein stad i ørkenen der ferdafolk kunne overnatta! Då ville eg forlata folket mitt og gå bort frå dei». Det åndelige samanbrotet i Israel var meir enn han kunne bere. Elias, som var så modig på Karmel i den åndelege kampen mot Ba’als profetar, la rett etterpå beina på nakken då ein trussel frå dronning Jesabel kom. «Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt!». Kong David uttrykte sin lengsel etter å kome vekk frå problema sine i kongeriket då han sa: «Hadde eg berre venger som dua!  Då flaug eg bort og fann meg ein bustad. Langt av garde ville eg rømma, i ørkenen ville eg slå meg ned.».

Ønsket om å flykte vekk frå vanskelege omstende til «grønare beitemarker på den andre sida av gjerdet» er altså ikkje noko nytt eller unikt. Det er altfor vanleg. Nokon opplever ekteskapet som dødt og/eller konfliktfylt og vurderer oppbrot. For andre kan det handle om naboar ein ikkje kjem overeins med, kollegaer som stel arbeidsgleda, eller det opplevast vanskeleg i den kristne forsamlinga. I kulturspørsmål som uttrykksformer og songval vert det enklare å skilje lag mellom generasjonane enn å finne løysningar saman. Nokon flyktar då inn i framtida, der alt handlar om idear som aldri vert verkelege, mens andre flyktar inn i fortida, der ein idylliserer ei tid då alt var så mykje betre. Derfor treng ikkje flukt å vere det same som einsemd, for det kan like gjerne handle om partidanningar, noko som Bibelen reknar som kjødets frukt.

Flukt er ingen god strategi. Ser vi på personane ovanfor, synes vegen å vere kort til å verte bitter og synes synd på seg sjølv. Ikkje minst i den kristne forsamling er det ein betre strategi å ta ein fight, berre den er real og sakleg, for det gir respekt. Deretter handlar det om å underordne seg eit leiarskap som er vald av fellesskapet. Vi vinn ikkje alle kampar i livet, men vi er likevel kalla til å vere på det sigrande laget i den store krigen.

 

3 Comments »

  • 1

    oskar Tveit

    23. desember, 2014, kl. 08:47

    Etter å ha lest denne kommentaren forstår jeg enda bedre at IMF er i tilbakegang.

    Svar
  • 2

    Sambåndet

    23. desember, 2014, kl. 09:25

    Hei, Oskar Tveit, og takk for din respons! Vi ser gjerne at du utdyper hva du mener. Hilsen fra redaktøren.

    Svar
  • 3

    oskar Tveit

    25. desember, 2014, kl. 08:15

    Jeg oppfatter IMF som svært konservative,noe dere ikke legger skjul på.At man da opplever tilbakegang i antall bedehus , møter motstand når det gjelder bibelsyn eller mangler mannlige ledere kan vel ikke være noen overraskelse.( man bruker altså bare 50 prosent av befolkningen ) Jeg følger sporadisk med på hva som kommer ut på nettsidene til IMF , og for meg synes det som om noen prøver » å bera havre til ein daud hest » i alle fall ein halvdau . Det er selvfølgelig helt greit å ha de synspunktene som IMF har på skilsmisse ,gjengifte, homofilt samliv og Israelsproblematikken , men man kan vel ikke forvente at nogenlunde opplyste mennesker skal ta dette helt alvorlig.Las Stanghelle intervjuet ,det var intressant lesning som jo kommer fra en som har vært innenfor IMF. IMF hadde sin » misjon «særlig på 1800 tallet i bla. kampen for å få lov til å danne frie menigheter. De var også en viktig del av motkulturene i kampen for å komme ut av unionen. I dag oppfatter jeg IMF som en organisasjon der en del sterke menn kjemper en tapt kamp for å holde på et bibelsyn som stadig færre har et forhold til. Men dere om det. Jeg er altså svært uenig ,og svært kritisk til mange av de standpunktene IMF har. Som Venstremann vil jeg likevel forsvare retten til å ha dem med stor kraft .

    Svar

Skriv en kommentar

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Fire kretser i Indremisjonsforbundet (ImF) leter etter ny leder. En løsning kan være sammenslåing av kretser til regioner, sier formann i ImF-styret, Odd Asbjørn Nybø.

Copyright © Sambåndet 2017