Sambåndet

Onsdag 24. mai 2017
RSS

Etter Kyrkjemøtet 2016

Når vi registrer den sorg og fortviling som mange gjev uttrykk for, er det mildt sagt underleg å tenkje på utsegn om at Kyrkjemøtet sitt vedtak ikkje er kyrkjesplittande.

Av Sambåndet LEDER . Publisert 7. mai 2016.

Sambåndet presenterte i forrige nummer uttalen og råda frå ImF om kyrkjesituasjonen. Det uttalen omtalte som «er i ferd med å skje», har no skjedd, og som forventa har det ført til sterke reaksjonar. Når vi registrer den sorg og fortviling som mange gjev uttrykk for, er det mildt sagt underleg å tenkje på utsegn om at Kyrkjemøtet sitt vedtak ikkje er kyrkjesplittande.

«Det vi står saman om, er trua på evangeliet», er den forsonande bodskapen til fløyene i Den norske kyrkja (Dnk) frå den nyvalde leiaren av Kyrkjerådet. Då må vi spørje kva for ein «god bodskap» det er snakk om. Dersom den enkelte av oss ikkje lever i sann erkjenning og vedkjenning av synd – uansett kva det måtte gjelde – er nemleg evangeliet tømt for innhald og meining. Derfor poengterer ImF sin uttale sterkt at kristen einskap kun gjeld på Ordets grunn, for alt anna er eit falsum.

Det punktet i ImFs uttale som har fått mest merksemd, er invitasjonen til «samtalar om korleis nokre av våre bedehus eventuelt kan brukast til å romme kyrkjelyder med ulike liturgiske uttrykk». Dette er sjølvsagt opp til lokale bedehuseigarar å bestemme, men

i kampen for at det sanne evangeliet skal få lyde breiast mogleg ut til folket, bør ein ikkje smelle bedehusdøra i andletet på dei som treng ei utstrekt hand. Vi vil halde fram med å byggje forsamlingar med bedehuset sin profil, men ledig kapasitet bør kunne utnyttast.

Med vedtak om likekjønna vigsel i Dnk, tek fleire no til orde for å kvitte seg med heile vigselsretten som ei løysing på problemet.  Det vil i så fall berre dekke over det reelle problemet, nemleg at det er brei aksept for ei lære som set til side Jesu og Bibelens tydelege ord om ekteskap og samliv.

Når det gjeld problemstillinga om kyrkjeleg vigsel knytt opp mot noverande ekteskapslov, er det nettopp blitt offentleg nokre signal frå ei arbeidsgruppe som har arbeidd på vegne av fleire organisasjonar og kyrkjesamfunn, deriblant ImF. Sjølv om ImF Trossamfunn har valt å halde på vigselsretten, deler vi uroa over haldningsendringane som den bibelstridige ekteskapslova kan forme i folket vårt, og vi ønskjer derfor å stå saman med andre for å finne eit godt og praktisk alternativ. Skal eit slikt alternativ få størst mogleg gjennomslag, er det viktig at vi kan gjere det saman med alle som vil stå for ei bibelsk ekteskapsforståing. Kyrkjemøtet sitt nylege vedtak er med på å sementere statens ekteskapslov, og derfor er det viktig at vi snarast råd kan peike i ei anna retning også på det praktiske plan.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Han overtar lederstolen etter Arild Ove Halås som gir seg sommeren 2018.

Over ein periode på 20 år har har Magda Sæviks stiftelse fordelt over 13 millionar kroner på ulike lag og organisasjonar innom- og utanlands.

Fleire unge kristne i Misjon bak jernteppet brukte både sommarferiar og bryllaupsreiser til å smugle biblar til Øst-Europa under den kalde krigen.

Minnevandring langs en av andre verdenskrigs viktigste fluktruter.

ImF, NLM og Normisjon i Lyngdal har slått seg sammen til en forsamling og starter til høsten.

Copyright © Sambåndet 2017