Salomon Try har fått heimlov
Salomon TryFOTO: SAMBÅNDET/ARKIV Med hans høge alder 87 år til hausten kan ein ikkje seia at det var uventa. Likevel er det ikkje lett å førestilla seg at Salomon er borte. Han var utan tvil ein av dei mest levande og engasjerte misjonsmedarbeidarane i heile indremisjonsfamilien. Snakka vi om rekordar i indremisjonen, hadde […]
Salomon Try FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV |
Med hans høge alder 87 år til hausten kan ein ikkje seia at det var uventa. Likevel er det ikkje lett å førestilla seg at Salomon er borte. Han var utan tvil ein av dei mest levande og engasjerte misjonsmedarbeidarane i heile indremisjonsfamilien. Snakka vi om rekordar i indremisjonen, hadde han dei fleste. Ingen har vore på fleire årsmøte eller misjonsstemne enn han. Ingen har lagt ned fleire dugnadstimar enn han. Få har gitt meir til misjonen enn han og Annemor. Så lenge hennar helse tillet det, var dei faste institusjonar i alle samlingar i Forbundet og Sørlandets Indremisjonskrets.
Han held fram til det siste. Eg veit ingen som var meir stolt over å tilhøyra forbundsfamilien enn Solomon Try. Hans formelle styreverv var også mange. På lokalplanet, i fellesforeininga, i krinsen og ImF sentralt. Han var krinsformann 1968-87 og i Forbundsstyret sat han 1971-79. Han hadde også ein lang periode i styret for Lyngdal Jordbruksskole.
Salomon Try ruva ikkje fysisk mest i landsskapet. Mange hugsar hans ofte humørfylte innleiingsreplikk når han tok ordet i årsmøta og hadde stilt seg bak mikrofonstativet «Ser de meg?» Reelt kjenner vi det som uverkeleg og at ein heil vegg er borte i indremisjonen med Salomon Try. Han var misjonsleiaren med «nådegåva til å binda seg» i trufast teneste på alle plan med teneste, offer og forbønn. Bak hans sentrale og varme kristusvitnemål merka ein eit misjonshjarta som var tent i brann for Jesus! Ingen ringde oftare med støtte, omsorg og oppmuntring enn nettopp han. Hans siste gjerning for Indremisjonsforbundet var hans engasjement for fast gjevarteneste.
«Det er en velsignelse i livet å gi til Indremisjonsforbundet,» var hans siste helsing til oss. Vi sit att i sorg over misjonsvennen som har lagt ned vandringsstaven, men med stor takk til Gud for alt han var, og gleder oss over at Salomon er framme. Gud signe hans rike minne. Våre tankar og bønner er hos Annemor som enno sit att på sjukeheimen.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!