Bioteknologi på liv og død
BRENNHEITT TEMA: Boka Bioteknologi på liv og død vart lansert tysdag. Frå venstre forfattarane Espen Ottosen og Torleiv Ole Rognum. Vidare Inger Lise Hansen (KrF) og Olav Gunnar Ballo (SV) .(KPK-FOTO: OLE ANDREAS HUSØY) Av Ole Andreas Husøy Tysdag lanserte Lunde Forlag boka Bioteknologi på liv og død.– Det er ei avdempa bok, vi har prøvd […]
|
Av Ole Andreas Husøy
Tysdag lanserte Lunde Forlag boka Bioteknologi på liv og død.
– Det er ei avdempa bok, vi har prøvd å vere nyanserte. Eg trur og at dei som er samde i den liberalisering av bioteknologilova som er foreslått, vil meine at det er mykje nyttig kunnskap å hente i boka, sa Ottosen.
Rognum presiserte at han ikkje er motstandar av bioteknologi. Tvert om. Hadde eg vore kunnskapsminister hadde eg satsa mykje meir på bioteknologi, sa han.
Men han meiner forsking på befrukta egg er å gå over ei etisk grense, og han meiner politikarane har høyrd for mykje på forskarane i denne saka.
Mehmet-saka
Mehmet-saka blir kommentert i boka, og den vart og kommentert av stortingsrepresentant Olav Gunnar Ballo (SV) som saman med nestleiar i KrF, Inger Lise Hansen, deltok på lanseringa av boka.
Ikkje minst vart medias rolle i Mehmet-saka vigd merksemd: – Eg har aldri elles vore utsett for eit slikt mediekjør. Det er dei tøffaste månadene eg har gjennomlevd i mitt liv, sa Ballo. Han meiner media si dekning av saka i liten grad har vore med på å opplyse folk om kva saka dreier seg om.
– Skal vi ha eit levande demokrati, må media og ta med motførestellingane, sa Ballo som elles hadde følgjande åtvaring: – Skal alt som er teknisk og medisinsk mogeleg vere lov, misser vi heilt styringa.
Inger Lise Hansen trur få eller ingen ønskjer eit sorteringssamfunn: – Men eg trur ein del overser kva som kan bli dei praktiske konsekvensane av å liberalisere bioteknologilova, sa ho. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!