– Noreg bør utnemne ein ambassadør for trusfridom

 SYNES VI ER FOR SJENERTE: Jon-Geir Dittmann:   – I Noreg kan det verke som vi er litt sjenerte for å tale dei kristnes sak, meiner Joh-Geir Dittmann(FOTO: KPK/NMØ)   Av Ole Andreas Husøy Informasjonssjef Jon-Geir Dittmann i Norsk Misjon i Øst vil at det skal bli lettare for menneske som har konvertert til kristendomen å […]

  
SYNES VI ER FOR SJENERTE: Jon-Geir Dittmann:   – I Noreg kan det verke som vi er litt sjenerte for å tale dei kristnes sak, meiner Joh-Geir Dittmann
(FOTO: KPK/NMØ)

 

Av Ole Andreas Husøy

Informasjonssjef Jon-Geir Dittmann i Norsk Misjon i Øst vil at det skal bli lettare for menneske som har konvertert til kristendomen å få opphald i Noreg.

Fem KrF-representantar på Stortinget, mellom dei partileiar Dagfinn Høybråten, sende nyleg kvart sitt skriftlege spørsmål til utanriksminister Jonas Gahr Støre. Der spør dei om kva Noreg gjer for å påverke styresmaktene i Iran, Vietnam, Eritrea, Tyrkia og Sudan til å betre trusfridomen i desse landa.
Denne veka fekk dei svar frå Støre. Han gjer der greie for korleis Noreg tar opp brot på menneskerettane – og brot mot trusfridomen – i sine samtalar med desse landa. Dagfinn Høybråten synest likevel det er lite som tyder på at dette blir prioritert høgt nok av den norske regjeringa.
– Noreg må vere ein pådrivar for å få problemet med forfølging av menneske på grunn av gudstru høgare opp på agendaen til det internasjonale samfunnet. Noreg må våge å snakke i klartekst, seier Høybråten.
– Kva ville du gjort i tillegg?
– Vi meiner Utanriksdepartementet bør utarbeide ein årleg rapport om arbeidet på dette feltet. Det bør og utnemnast ein ambassadør eller ein spesialrådgivar for internasjonal trusfridom. I opplæringa i utanrikstenesta bør ein og leggje meir vekt på kor viktig trusfridomen er.
– Kvifor trur du at den vestlege verda ikkje er meir oppteken av trusfridom?
– Eg trur grunnen rett og slett kan vere manglande forståing for kva trua betyr i eit menneskes liv, seier Høybråten.

Aukande problem
Jon-Geir Dittmann i Norsk Misjon i Øst seier at det er eit aukande problem at trusfridomen blir krenka i mange område i verda, mellom anna i Midtausten. I likskap med Høybråten synest han norske styresmakter gjer for lite.
Dittmann synest i særleg grad det er vanskeleg å få merksemd om den permanente situasjonen i mange land med diskriminering og forfølging av truande – kor dette er blitt ein del av systemet og nærmast akseptert.
– Likevel synest eg det er teikn til betring frå norske styresmakters side. Tysdag denne veka var representantar for Den norske kyrkja og nokre organisasjonar som arbeider for menneskerettar og trusfridom i eit møte med statssekretær Raymond Johansen i Utanriksdepartementet. Her drøfta vi situasjonen for dei kristne i Midtausten. Johansen viste stor innsikt i problema, og det lovar godt. Men det kan vere langt frå ord til handling, seier Dittmann.
Han påpeikar at ein del andre land har eigne personar på høgt nivå som arbeider spesielt med trus- og religionsfridom.
Dittmann har lagt merke til at KrF ved fleire høve har vist at dei tar brot på trusfridomen alvorleg. Han håpar at andre parti og vil følgje opp.
– I Noreg kan det verke som vi er litt sjenerte for å tale dei kristnes sak. Dersom vi ser på muslimske land, er ikkje dei redde for å tale islams sak, seier han.

Konvertittar
Dagfinn Høybråten meiner mangel på innsikt i kva trua betyr i eit menneskes liv pregar Utlendingsnemndas haldning til dømes overfor iranarar som har konvertert til kristendomen. I eit notat frå nemnda om denne gruppa heiter det at så lenge iranarar som har gått ver til kristendomen held trua for seg sjølv, vil dei ikkje risikere noko ved berre å ha konvertert.
Jon-Geir Dittmann understrekar at menneskerettane slår fast at alle har rett til å gi uttrykk for si tru offentleg. Men dersom kristne gir uttrykk for si tru, kan dei i fleire land risikere døden. Styresmaktene har vore særs tilbakehaldne med å akseptere konvert

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.