ImF startar arbeid i Ukraina
SAMARBEID I UKRAINA: Generalsekretær Karl Johan Hallaråker flankert av biskop Georg Guntsch og ungdomsleiaren, pastor Aleksander Gross. FOTO: PRIVAT Av Vilhelm Viksøy Misjonsprosjekt i Aust-Europa har vore eit mål for ImF i forlenginga av «Røter og fornying» som blei drøfta under GF 2005. At saka kom på dagsorden nå, har sin konkrete bakgrunn i at […]
SAMARBEID I UKRAINA: Generalsekretær Karl Johan Hallaråker flankert av biskop Georg Guntsch og ungdomsleiaren, pastor Aleksander Gross. FOTO: PRIVAT |
Misjonsprosjekt i Aust-Europa har vore eit mål for ImF i forlenginga av «Røter og fornying» som blei drøfta under GF 2005. At saka kom på dagsorden nå, har sin konkrete bakgrunn i at Danielsen ungdomsskule på Sotra ynskja eit misjonsprosjekt i regi av ImF.
Sterkt møte
Saman med ein av prosjektleiarane i Danielsen ungdomsskole Sotra, Laila Eidsheim, har generalsekretær Karl Johan Hallaråker nett vore i Ukraina og drøfta opplegget med leiarane i kyrkja.
Eg har jo besøkt kristne kyrkjer både i Asia og Afrika, og vore mange gonger hos kristne i Aust-Europa, men denne gongen var det spesielt. Det å møta kristne som ber på eit sterkt kall om å nå folket sitt med evangeliet samtidig som dei har så avgrensa med ressursar, gjer eit sterkt inntrykk, seier Hallaråker.
Aller sterkast inntrykk gjorde det då dei fortalde korleis dei hadde bedt lenge om at Gud måtte gje dei venner som kunne hjelpa dei med bibelundervisning og utrustning av leiarar, slik at dei kunne gå inn gjennom opne dører til born og unge. Då dei fortalde om reaksjonane etter første mailen frå oss, var det vanskeleg å halda tårene tilbake. At det vart Ukraina og denne kyrkja er ein kombinasjon av bønn og Guds leiing ifølge Hallaråker. Gjennom nettverket for indremisjon i Europa, Eurim, har han ved fleire høve dei siste åra møtt den unge leiaren Aleksander Gross.
Åndeleg arbeid
Når han gjennom samtalar fortalde om deira utfordringar og sin åndelege profil, har eg ikkje greidd å sleppa taket i dette. Det har faktisk følgd meg seinare. Då Danielsen ungdomsskule kom på banen, blei det for meg også eit konkret bønnesvar. Aleksander Gross og hans medarbeidarar la for dagen ein åndeleg kvalitet og bibeltru profil som gjev stor tillit. Her får vi vera med på noko svært viktig i åra som kjem, seier Hallaråker.
Samarbeidskyrkja har røtene sine i Tyskland og får noko støtte frå kyrkjer der til «tradisjonelt virke», men indremisjonsarbeid med vekt på barne- og ungdomsarbeid, bibelopplæring og evangeliseringsarbeid, er det derimot ikkje støtte til. Dette er det ImF og Danielsen ungdomsskole Sotra skal hjelpe til med.
Vi treng nytt fokus på misjon i Europa. Vi lever i ei lagnadstid. Det hastar og er indremisjon av beste merke, sier Hallaråker og legg til:
Eg er svært glad for at Danielsen vart med på dette og håper at det også skal inspirera andre skular og ungdomsgrupper.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!