– Divisi har vekt gudstrua hjå mange

 GODLYD: Gamledirigent Harald Myklebust hadde ikkje mista gneisten.(FOTO: Øystein Lid) Av Øystein Lid I løpet av den innhaldsfylte kvelden song divisi seg gjennom 25 år med korhistorie. Kvelden vart innleidd med korets eineståande versjon av Halleluja-koret frå Händels «Messias». Deretter  «Utvald i Kristus» med gamledirrigenten Harald Myklebust til moderne gospeltonar i «I Will Go in […]

jubileumskonsert i b... 
GODLYD: Gamledirigent Harald Myklebust hadde ikkje mista gneisten.(FOTO: Øystein Lid)

Av Øystein Lid

I løpet av den innhaldsfylte kvelden song divisi seg gjennom 25 år med korhistorie. Kvelden vart innleidd med korets eineståande versjon av Halleluja-koret frå Händels «Messias». Deretter  «Utvald i Kristus» med gamledirrigenten Harald Myklebust til moderne gospeltonar i «I Will Go in Jesus Name» ved dagens dirrigent Jostein Myklebust. Kvelden vart avslutta med at koret spreidde seg ut over hallen, og song godnattsongen «I Frid» for dei om lag 300 frammøtte.

Guds hand
– Divisi har vore Guds utstrakte hand gjennom songen. Dei har hjulpe oss til å setja ord på glede og sorg, men også sådd Guds ord slik at gudstrua har vorte vekt hjå mange, sa Helge Gudmundsen, programvert for Nrks «Salmer til alle tider».
– Tenk om denne kvelden kunne bli meir enn berre mimring, men at Gud kunne koma inn i oss, og på nytt tenna trua i hjarto våre, sa Gudmundsen.

Av spesielt inviterte gjester var også Halldis Reigstad. Ho antyda at divisi hadde spelt ein avgjerande rolle for at ho vart kjent tidleg i karriera som tekstforfattar.
– Divisi betyr mykje for meg. Eg trur dei var ein plogspiss som Gud sende. Dei tok tak i mine tekstar då eg var i byrjinga av karriera som tekstforfattar. Det er eit kvalitetskor, og bringer det største av alt; tekstar som er tydelege på Guds leiing og kall, sa diktaren.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.