Treng hjelp i åndskampen
VEKKJINGSLENGT: I 2005 husa bedehuset i Stjørdal ei vekkjing som satte djupe spor. No satsar bede-husfolket på nytt fram mot forkynnar Einar Ulsteins vitjing i oktober. (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Øystein Lid I Torgveien 13, Stjørdal sentrum, ligg eit bedehus. År etter år har ein liten, men trufast gjeng samla seg der – kvar måndag klokka 20 […]
VEKKJINGSLENGT: I 2005 husa bedehuset i Stjørdal ei vekkjing som satte djupe spor. No satsar bede-husfolket på nytt fram mot forkynnar Einar Ulsteins vitjing i oktober. (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) |
Av Øystein Lid
I Torgveien 13, Stjørdal sentrum, ligg eit bedehus. År etter år har ein liten, men trufast gjeng samla seg der – kvar måndag klokka 20 – for å søkja Herren. Då Marit og Irene kom til byen i 2005 braut det ut vekkjing i den elles fredelege byen. Songevangelistane ville ikkje ta æra for det som skjedde: «Denne vekkjinga er eit resultat av at mange kristne har sådd ordet og vore uthaldande i bøn i lang, lang tid», sa dei.
Guds klokke
Etter ei tid med fullt bedehus og mange frelste, vart den heilt nye ImF-krinsen Trøndelag og Nordland stifta våren 2008, som eit ledd i å fordøya vekkjinga. Og no er tida komen for ein ny offensiv. Den fyrste helga i oktober kjem Einar Ulstein til byen.
Me er i forventing og bøn, seier Kjell Kolbrek. Han er ein av dei som fast møter opp på bedehuset kvar måndag.
Me ber om at Herren må senda vekkjing, og at han må begynna med oss. Guds klokke slår snart 12, så no tek det til å hasta.
Åndskamp
Dei kristne i Stjørdal gjer alt dei kan for å reklamera for møtekampanjen, og få folk til bedehuset. Dei har kontaktar i lokalavisa, dei annonserer, og nyttar radiostasjonen Budstikka aktivt. Men viktigast av alt er bøna.
Me har så tru på bøn. Men det er ein åndskamp. Når me stod i vekkjinga i 2005 merka me at det var «ein annan ein» som sto i mot oss. I gamal tid sa dei at når det kakka på veggane så var vekkelsen der, for då var det nokon som prøvde å øydeleggja.
Be for oss
Det er ein kamp som den vesle flokken i Stjørdal ikkje kan greia åleine. Difor er det fyrst og fremst menn og kvinner som kan stå saman med dei i bøn Kolbrek etterlyser før kampanjen i oktober.
Eg vil minna bønnefolket om å stå saman med oss. Me er den yngste krinsen i ImF, og me håpar at mange vil vera med og dela visjonen vår saman med oss.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!