Overveldande vikingbesøk
KRAFT: Brasilianske Paulo demonstrerer fysisk styrke og engasjerer ungdommane. No ber leiarane på Blindheim bedehus om åndeleg styrke i oppfølgingsarbeidet etter vekkjingshelga med TX Vikings. (FOTO: NILS-OVE STØBAKK) Av Nils-Ove Støbakk Både på bedehuset sin eigen ungdomsklubb fredag 5. september og på det åpne arrangementet laurdag kveld kom mange ungdommar fram då det vart invitert […]
KRAFT: Brasilianske Paulo demonstrerer fysisk styrke og engasjerer ungdommane. No ber leiarane på Blindheim bedehus om åndeleg styrke i oppfølgingsarbeidet etter vekkjingshelga med TX Vikings. (FOTO: NILS-OVE STØBAKK) |
Både på bedehuset sin eigen ungdomsklubb fredag 5. september og på det åpne arrangementet laurdag kveld kom mange ungdommar fram då det vart invitert til frelse i etterkant av showet til Team Xtreme Vikings.
Vel 40 personar fylte ut oppfølgingskort, i tillegg var det fleire innsette som tok imot Jesus då turen gjekk til Ålesund fengsel søndag føremiddag.
Tacokveld og bibelgrupper
Desse karane var utruleg herlege, fortel Berit Thorsen frå den lokale arrangementskomiteen. Ho er sliten, men takknemleg etter ei actionfylt helg med steinknusing og Jesus i sentrum.
Men mykje av jobben står igjen. Alle som fylte ut responskort har blitt kontakta og invitert til tacokveld og oppfølging. Så vert det enkel undervisning i fire veker framover, før det blir tilbod om permanente bibelgrupper etter kvart. I oktober har vi planar om Alpha-kurs på bedehuset, i tillegg til ungdomsarbeidet som allereie er på huset.
Mykje bønn
Dei lokale arrangørane fekk mykje skryt frå dei tilreisande «vikingane». Også for sjølve organiseringa, men aller mest for bønnearbeidet på Blindheim.
Ja, dei sa at dei følte det var mykje bønn i veggane på bedehuset. At vi hadde forberedt oss i bønn. Og det er jo sant, men det var jo godt å få høyre det likevel, ler Thorsen.
Sterke historier
Når Team Xtreme Vikings er på tur, vert det mykje show og sterke historier. Berit Thorsen er likevel ikkje redd for at det vert for mykje følelsar i sving og for lite Jesus.
Det virka som folk som kom fram var veldig oppriktige. Dei fleste ga tydeleg uttrykk for at dette meinte dei, seier ho.
Men vi treng fortsatt mykje forbønn på Blindheim!
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!