Kjetil Fyllingen

ImF’ar utleig til NLM

Følg Kjetil Fyllingegn på filmoppdrag i Indonesia via bloggen lekendelett.net.

– Eg fekk eit tilbod eg ikkje greidde å takka nei til, seier nettkonsulent i ImF-UNG, Kjetil Fyllingen på e-post frå Indonesia.
Tilbodet var å bli med på tur for å laga presentasjonsfilm av Barnas misjonsprosjekt 2011/2012. No er han på plass i Medan på Sumatra der basen til NLM ligg.

På oppdrag
Kjetil er utleigd fra ImF-UNG til oppdraget og reiser saman med redaktørane for Superblink.
– Eg sit i redaksjonsrådet til Superblink på vegne av ImF-UNG, og det var vel difor dei kom på å spørja om eg kunne bli med.

– Pluss at dei sikkert var ekstremt imponert over videoblogginga mi, spøker Kjetil.

Bloggrapport
Han har allereie rukke å få med seg mykje på dei få dagane han har vore på reis.
– Dagane er varme, og innhaldsrike! Det er eit variert program der me får sjå veldig mykje forskjellig, seier Kjetil.

Deler av det kan du allereie lese om på lekendelett.net.
– Men det er ganske «tynt» breiband her sør (til litt frustrasjon for nettkonsulenten…). Så videoblogging har det blitt dårleg med så langt, seier Kjetil.

Men levande bilder kjem – når den presentasjonsfilmen er ferdig redigert
– Og den skal vera på plass til hausten.

Se videoblogg:

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.