Utbygging av Ognatun

Leirstaden får ny matsal og kjøkken. – Dette blir eit lyft for plassen, seier dagleg leiar.

Planane for nybygg på Ognatun har strekt seg over fleire år, og i realiteten skulle byggeprosessen allereie vore i gong.

– Årsmøtet i fjor vedtok planane for eit påbygg, men dei reelle anboda viste seg å vera 50 prosent dyrare enn kalkylen hadde lagt opp til. Krinsstyret vedtok difor eit førebels stans av byggeplanane, seier krinsleiar Torgeir Lauvås.

Nye planar med andre løysingar er no arbeidd fram og årsmøtet 2011 vedtok dei nye planane med god margin.

– Årsmøtet gav eit veldig tydeleg signal om at dette vil dei gå for, seier Lauvås.

Nybygg, ikkje påbygg.
Dei nye planane inneber eit nybygg som inneheld både matsal og kjøkken. Nybygget vert så knytta samane med eksisterande hovedbygg med ein korridor. Dette vert ei billegare, men også mindre omfattande løysing. Dei gamle planane som innebar eit påbygg, inneheldt også planar for møtesalen. Det vert det ikkje noko av nå.

– Me får ikkje gjort noko med møtesalen i denne omgang, men samstundes får me gjera andre og betre ting med matsal og kjøkken. Det er også matsalen som har vore den største utfordringa, så alt i alt er dette ei like god løysing som den førre, seier Lauvås.

Betre plass.
Også dagleg leiar ved Ognatun, Tove Braut, er glad for planane som no er vedtekne.

– Me får mykje betre plass i matsalen, for den har vore for liten. Me har fleire gonger sagt nei til mellom annan bryllaup fordi me ikkje har plass nok. Men også på dei vanlege leirane er den gamle matsalen trong, seier Braut.

Utbygginga fører likevel ikkje til auka utleige.

– Alle helgene våre er fulle allereie, men me får mykje betre plass og kan ta større grupper, seier Braut.

Ikkje stans.
Utbygginga har ei kostnadsramme på 8,8 millionar og skal etter planen stå ferdig til sommaren 2012. Noko av arbeidet skal gjerast på dugnad, men størstedelen er sett ut til profesjonelle firma. Byggearbeidet vil ikkje påverke den daglege drifta ved Ognatun.

– Det er noko av det fine med denne løysinga. Me kan drive leirstaden parallelt med utbyggingane, seier Tove Braut.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.