Aktiv advent

Adventshjerte er adventsheftet der du lever ei aktiv adventstida saman med Truls og Line.

– Då borna mine var små kjøpte eg nokre adventsblokker med aktivitetar på. I fjor ville eg sjå, finnes desse framleis? Men nei. Det var mange adventshefte i butikkane men ingen slik aktivitetsbok, fortel Randi Hamre frå Sunnmøre.

Då var det berre ei råd: laga noko sjølv.

Med ei livslang erfaring innan både barnearbeid og hobbyaktivitetar sette ho i gong. Med seg på lasset tok ho Truls og Line – to litterære vener ho har skrive og fortalt om i mang ein andakt.

– Me følgjer desse to kvar dag gjennom advent. Dei pratar og opplever ting, og lagar noko kjekt kvar dag. Så kan me som les gjere det same, fortel Randi og gir oss ein smakebit frå boka:

– Line, seier Truls medan han har masse blåfarge på penselen sin.
– Kva tenkjer du på når du ser blåfargen?
– Hm, seier Line. – Det kan no vere mange ting. Men himmelen er no ofte blå og fin, i alle fall i klart vær.
– Ja vel, svarar Truls.
– Då seier vi at blåfargen får oss til å tenkje på himmelen.
– Og det raude kan no vere eit raudt hjerte, tilføyer Line.
– Ååå! Line! Då ser eg noko av Jesus sin kjærleik i lillafargen. For lenge sidan kom han til jorda ei julenatt og seinare gav han oss hjertet sitt då han døydde på korset for oss. No er han i himmelen og ser oss som er her på jorda. Det vert blått og raudt.

– Og den dagen lagar me sjølvsagt små hjerter i aktiviteten. Eg er forresten veldig glad i hjerter, seier Randi begeistra.

Ho har ikkje berre skrive boka, ho har og tatt ansvar for heile produksjonen. Den vert produsert på eit lokalt trykkeri og kostnadene ved dette tar ho sjølv. Inntektene derimot vert delt, for halve salgssummen er øremerka misjonen. Og blir det eit overskot, får misjonen dette og.

– Boka er meint for born, men også vaksne og eldre kan ha stor glede av den, seier Randi Hamre.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.