– KrF er eit verdiparti
Astrid Byrknes, ordførar i Lindås kommune og nr. 2 på valglista for Hordaland KrF, har eit veldig avslappa forhold til De Kristne.
– Meiningsmålingane våre har det siste året peikt oppover og vi er inne i ein god trend. KrF som tydeleg verdiparti vert lagt merke til, og alle som vil kjempe for dei kristne verdiane inn i
politikken er viktige for KrF, skriv ho på mail til Sambåndet. Ordføraren fryktar ikkje at De Kristne vil vende veljarane vekk frå KrF, sjølv om dei har komme med ganske kraftig skyts mot partiet hun går til val for.
Det kanskje mest oppsiktsvekkande som har skjedd med KrF i år, og som har møtt kraftig kritikk frå De Kristne, er at dei fjerna vedkjenningsparagrafen – kravet om at alle tillitsvalte i partiet måtte vera vedkjennande kristne. Årsaken til dette var, ifølge Byrknes, at dei ikkje opplevde at paragrafen stilte tilstrekkelig gode krav. Hu meiner derimot at dei no har fått en tydelegare forpliktelse på det kristne verdigrunnlaget og det bibelske grunnlaget de bygger sin politikk på.
– For KrF er den viktigaste bodskapen at partiet bygger sin politikk på den kristendemokratiske ideologi. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggande menneskerettar og har sin forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvaret, forklarer ho.
– Alle tillitsvalte må forplikte seg på dette. For meg personleg er det viktig at dei kristne verdiane som vi skal byggje all vår politikk på, er i tråd med det bibelske grunnlaget. Det er utruleg sterkt, men flott å få vere med i eit parti som så til dei grader er tydelege på verdiar. Difor er Krf eit verdiparti, poengterer ho.
Verdikamp og Israelstøtte
Ho medgir at partiet hennar fortsatt kan ha eit forbetringspotensial når det kjemt til viktige verdikampar som abort og ekteskapslov. Samtidig er ho veldig stolt over den jobben KrFs representantar gjer på Stortinget.
– Kvart einaste år foreslår vi, som einaste parti, å grunnlovsfeste retten til liv og verna om det ufødde liv i mors mage. Og på landsmøtet vårt vedtok vi å forby sæddonasjon og surrogati, noko som eg meiner er ei tydeliggjering og ein forlenging av vår kamp for ekteskapet mellom mann og kvinne og alle barns rett til ei mor og ein far, skriv ho og legg til at barnas beste alltid må stå i fokus.
KrF vil også arbeide for ein meir reflektert og rettferdig Israelspolitikk. Astrid Byrknes opplever støtta til Løfteslandet innad i partiet som stort.
– Israel er tross alt Midtaustens einaste fullverdige demokrati, så det skulle bare mangle at vi ikkje skulle støtte Israel. KrF er svært tydeleg på det. Vi er også tydelige på at ambassaden må flyttes til Israels legitime hovedstad, Jerusalem, og vi har ein aktiv politikk for å bekjempe antisemittisme både internasjonalt og i Norge, forklarer hun.
Garanterer for regjeringsskifte
KrF er tydelege på at dei raud-grøne må ut av regjeringskontora etter valet, ifølge Byrknes. Ei stemme på KrF er ei stemme på ny regjering og ikkje minst ny kurs for Norge, skriv ho, og legger til at de ønsker å samarbeide med Høyre, Venstre og Fremskrittspartiet om regjeringsmakt.
– Men kan et verdikonservativt KrF samarbeide med liberale FrP i regjering?
– KrF har eit tydelig vedtak på at vi garanterer for regjeringsskifte, og at vi skal snakke med alle opposisjonspartia etter valet, også FrP. Så får vi sjå om vi blir sittande i regjering med FrP, eller om vi blir sittande som støtteparti til ei ny regjering.
Men det er ikkje gitt at det blir noko samarbeid med Siv Jensen; viss partiet endar opp med å køyra knallhardt på aktiv dødshjelp, fri flyt av alkohol og store kutt i landbruket og bistanden i forhandlingane, vil det bli vanskelig å sitta i regjering med dei, meiner ho.
– Den beste garantien for at ei ny regjering skal få ein kristendemokratisk forankring, er med andre ord å stemma på KrF. Eit sterkt Krf vil ha gjennomslagskraft i ei ny regjering når ein skal setje seg ned ved forhandlingsbordet, fastslår ho.
Avkristning?
– Har det skjedd en «avkristning» av Norge under disse 8 årene dei raud-grøne har styrt landet, slik De Kristne påstår?
– Ja, det har det, og dette har KrF vore tydelege på i alle dei åtte åra. Dei raudgrøne sin kamp mot friskulane, det tradisjonelle ekteskapet og vekk med bordbønn i skulen, er alle eksempel på presset mot den kristne kulturarven, og nettopp derfor trenger vi eit sterkt Kristelig Folkeparti i regjering etter valet, svarar ho.
KrF vil arbeide for å få betre vilkår for friskulane, samt ansettelsesfrihet for alle frivillige organisasjonar og misjonsorganisasjonar. Dei vil dessutan ha meir kristendom i skolen, der man innfører K’en for kristendom inn i det nåværande RLE faget, slik at det blir heitende KRLE.
Byrknes’ førsteprioritet som politikar er først og fremst kampen for menneskeverdet, og ho presiserer at vi skal ha plass for alle, at alle er like verdfulle, og at menneskeverdet har sin verdi ifrå unnfangelsen til den naturlege død.
Viktige kampsaker for KrF, ifølge Astrid Byrknes:
- Betre vilkår for friskulane og ansettelsesfridom for alle frivillige organisasjoner og misjonsorganisasjoner.
- Auka kampen for retten til liv og livet i mors mage.
- Meir ansvarlig alkoholpolitikk.
- Ein meir rettferdig avis- og mediepolitikk.
- Ein meir reflektert og rettferdig Israelspolitikk.
- Auka kamp for barns rett til ei mor og ein far.
- Meir valfridom til barnefamiliene og auka kontantstøtte.
- Meir kristendom i skulen.
- K for kristendom må inn att som eit KRLE fag.
- Nei til surrogati og sæddonasjon.
- Auka bistand og tettere samarbeid mellom statleg og frivilleg fattigdomsbekjemping internasjonalt.
FAKTA om KrF:
- Stiftet 4. september 1933 på bibelskolen i Bergen.
- Partileder: Knut Arild Hareide
- Motto: «Menneskeverd i Sentrum»
- Aktuelt: Har som mål å komme i regjering til høsten
- Medlemmer: 32 591 (per 31. desember 2012)
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!