Løft blikket i sommer

Dette bladet trykker på for- og ettersommaren nokre leseverdige artiklar om krisa i kristen-Norge. Dette er eit kritisk lys både organisasjonar, forsamlingar og den enkelte kristne må tole vert retta mot oss.

Særleg er forkynninga sin sviktande status og plass ein alvorleg peikepinn om at det åndelege livet ikkje er slik det burde vere.

Våre statistikkar over møteverksemd seier likevel ikkje alt om den åndelege situasjonen i folket. Det er langt frå gitt at alt var sunt og godt den tida det var mange møteveker på bedehuset, og vi ser at dagens passivitet er stor også hos den generasjonen som opplevde «gullalderen». Nye samlingsformer som huskyrkjer, cellegrupper og andre livsnære fellesskap fangar våre statistikkar heller ikkje opp, sjølv om Guds ord vert forkynt også her. Det vert heller ikkje alt som kjem inn gjennom øyreproppene frå smarttelefonar og mp3-spelarar, for mange lastar ned forkynning frå både nært og fjernt. Til sist må vi ta med alt folk får med seg gjennom lokalradioane våre, P7 sine sendingar, stevner, kristne feriereiser, osv. Jo da, bildet er samansett, utan at det skal redusere alvoret i situasjonen for Bedehuset.

Utfordringa er at vi i altfor liten grad kjem i bevegelse ut frå alt det vi høyrer. Det er bra at vi som enkeltmenneske tek til oss forkynning frå ulikt hald, men vi vert som saltsjøen i Dødehavet om vi ikkje forplikter oss i eit fellesskap som har fokus på misjon. For 1500 år sidan var det 55.000 kyrkjer i Nord-Afrika, men det døydde ut, mest sannsynleg fordi dei droppa misjonering. Derfor er dette punktet noko av det viktigaste i vår strategiplan.

Ta med deg og les Bibelen på ferietur og elles. Tal med Herren. Søk saman med andre truande til stormøter og småmøter. Ver dristig for å nå dei ufrelste. Dette er nøklane til å skape ei fornya lekmannsrørsle i Norge. Velsigna sommar!

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.