Barn – Unge – Fedre

Skal vi snu utviklinga med at kristen verksemd stagnerer og har tilbakegong i Norge, må vi revitalisere og plante nye fellesskap i bygdene og byane våre.

Derfor var «Vinne og disippelgjere» tema for årets DAWN-konferanse i forrige veke, ei viktig og lærerik samling med stor oppslutning, ikkje minst frå ImF.

Kva meiner Jesus når han i Mattes 28,19-20 befaler oss å gå ut og gjere alle folkeslag til læresveinar/disiplar? Jau, det handlar om å døype og lære å halde alt det Han har bode oss.

Det å gjere til disiplar er både ei erkjenning av den stilling vi er frelste til av berre nåde, og samstundes ein vokster og utvikling som burde skje i våre liv som kristne.  Det skjer ved aktiv handling frå erfarne kristne som kan vandre saman med, rettleie og ansvarleggjere unge kristne til å leve eit forpliktande kristenliv. Denne sida ved disippelgjering har nok vore for svak i vårt arbeid, og er på mange måtar ei forutsetning for at unge skal gå inn i eit langsiktig arbeid og ta leiarskap for å bygge kristne fellesskap på Bedehuset.

Likevel må vi vakte oss for å gjere disiplar som går i eiga kraft og byggjer einsidig på menneskelege strategiar. I 1.Joh.2,12-14 skriv Johannes om tre stadier i kristenlivet:

Barn: «Eg skriv til dykk, barn, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.» Eit barn er oppteken kva det kan få av sine foreldre. Derfor er eit Guds barn prega av gleda over å få leve i forlating for syndene og kvile i grunnsanningar i vår kristne tru.

Unge: «Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har sigra over den vonde». Den unge er sterk og sigrar over den vonde, og kvifor gjer han det? Fordi «Guds ord vert verande i dykk». Vil vi vekse og verte sterke og sigrande truande, må vi framfor alt lære å kjenne sanninga om Guds nåde i Kristus og la Ordet få fylle oss og prege oss. Derfor skriv også Peter at vi skal vekse i nåde og kjennskap til vår Herre og frelsar Jesus Kristus (2.Pet.3,18) og til Timoteus skriv Paulus: «Vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!» (2.Tim 2,1).

Fedre/vaksne: «Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet.» Her handlar truslivet om å kjenne ein person, Guds Son. Det er ikkje berre fokus på kva han gir, men å kjenne hans person. Etter kvart som vi lærer Jesus Kristus å kjenne, vert han meir og meir dyrebar for vårt hjerte og vi må beundre han og overgje oss til han.

Å gjere til disiplar handlar om å hjelpe menneske til å følgje Meisteren, leve i Ordet om korset og vandre i Guds kraft.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.