Blir ny styreleiar i Sjømannskirken
Kjell Nordstokke er innstilt som ny styreleiar i Sjømannskirken etter at heile styret stilte sine plassar til disposisjon.
Det skriv Vårt Land 2. april. Nordstokke (67) er i dag styreleiar i Kirkens Nødhjelp.
Heile styret i Sjømannskirken stilte søndag 30. mars sine plassar til disposisjon og innkallar til ekstraordinær generalforsamling 14. juni for å velje nytt hovudstyre. Sjømannskirken har vore i uroleg farvatn i veka som gjekk etter at generalsekretær Audun Myhre fråtredde stillinga etter usemje med styret tysdag i førre veke. Ingen av partane har, med bakgrunn i ein avtale som er inngått, villa utdjupe kva usemja består i.
– Mista tillit
Laurdag vart det kjent at styreleiar Einar Askvig trekte seg frå styret. Frå før hadde eit styremedlem og eit varamedlem trekt seg på bakgrunn av uroa som følgde i kjølvatnet etter at Myhre gjekk av.
I ei pressemelding sa Askvig at handteringa av informasjon rundt generalsekretær Audun Myhre sin avgang 25.mars har vore krevjande, og at hovudstyret har mista mykje tillit både hos tilsette og frivillige medarbeidarar på grunn av dette.
– Som styrets leiar ber eg ansvaret for denne situasjonen, og eg håpar at det at eg trekkjer meg vil betre situasjonen og forbetre kommunikasjonsarbeidet internt i organisasjonen, uttalte Askvig.
Laurdag vart nestleiar i styret, Nora Blaasvær, konstituert som ny styreleiar. Seint søndag kveld vart det så klart at heile det attverande styret, som då i tillegg til Blaasvær bestod av Hallvard Mosdøl (nestleiar), Thorleif Leifsen, Inger Helene Venås, Stig Clementsen, Petter Skants og Steinar Tislevoll, stilte sine plassar til disposisjon.
Framskundar valet
I ei pressemelding som er underteikna fungerande styreleiar Nora Blaasvær, heiter det at: «Sjømannskirken står overfor store utfordringer og er inne i en krevende fase hvor det er nødvendig å ivareta organisasjonen og de ansatte. Det er derfor viktig at en fremover får forståelse for og bred tilslutning til de valg som gjøres.
Hovedstyrets medlemmer stiller derfor sine plasser til disposisjon. Valg av nytt styre bør ikke vente til ordinær generalforsamling i august. Dersom det av praktiske hensyn lar seg gjennomføre, innkalles det til ekstraordinær generalforsamling lørdag 14. juni 2014 for å velge nytt hovedstyre.»
Generalforsamlinga skulle haldast i Bergen i august i tilknyting til markeringa av Sjømannskirkens 150-årsjubileum.
Styret konstituerte i førre veke ambulerande sjømannsprest Jan Olav Johannessen som fungerande generalsekretær fram til ein ny generalsekretær er på plass. En del tilsette har kravd at Audun Myhre må få tilbake jobben som generalsekretær. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!