Ventar med å gi råd

Generalsekretær Erik Furnes i ImF meiner det er for tidleg å koma med føringar i samband med situasjonen i Den norske kyrkja.

3. november hadde tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF), Karl Johan Hallaråker, eit debattinnlegg på trykk i riksavisa Vårt Land. Bakgrunnen var vedtaket i bispemøtet i veka før. Hallaråker skriv mellom anna at Bispemøtet kjem med «kloke råd i vanskeleg situasjon».

To liturgiar

Som kjend står alle biskopane bak eit råd til Kyrkjemøtet til våren om å gå inn for to liturgiar for ekteskap, ein for ekteskap mellom mann og kvinne og ein for likekjønna par. Dei 12 biskopane viser til at det etter alt å døme vil bli fleirtal på Kyrkjemøtet for likekjønna vigsel, og dei meiner to liturgiar vil gi rom for begge syn på likekjønna ekteskap og ta naudsynt omsyn til både fleirtal og mindretal.

I innlegget i Vårt Land skriv Karl Johan Hallaråker mellom anna at han «ikkje kan sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine». Vidare: «Ut frå situasjonen som har oppstått etter valet, har eg stor forståing for både biskop Nordhaug (som er arkitekten bak rådet om to liturgiar, red.merk.) og den løysinga ein har samla seg om. Det aller viktigaste i rådet er faktisk konstateringa av at denne saka blir ein ikkje teologisk samde om. For meg tyder det at vi som har det klassiske synet, ikkje kan overkjørast, men har fått stadfesta full råderett og talerett ut frå vår overtyding».

– Ikkje endra syn

Innlegget vart møtt med til dels sterke reaksjonar. Sambåndet har bede Karl Johan Hallaråker om ei presisering av hans ståstad:

– Ekteskapet er mellom mann og kvinne, slik eg meiner Bibelen talar klart. Samkjønna ekteskapsforståing er også etter mi vurdering på kollisjonskurs med CA 7 (vedkjenningsskriftet Confessio Augustana, red.merk.) sin omtale av «semje om evangelielæra». Dette gjeld nok også fleire andre standpunkt i kyrkjelandskapet. Eg møter det som best eg kan gjennom Calmeyergatelinja si rettleiing om skilje mellom «offisielt samarbeid» og det frie organisasjonsarbeidet.

– Spørsmålet nå er korleis vi skal manøvrera i den offisielle kyrkja sin situasjonen etter kyrkjevalet. Dersom ein ikkje vil forlata kyrkja, ser eg ikkje anna langsiktig val enn å ta vare på dei med klassisk syn slik biskopane føreslår. Kva er alternativet? Vedkomande spørsmålet om «to syn» meiner eg biskopane uttrykker seg presist når dei uttalar «tek til etterretning». Det er ei viktig formulering for ikkje å godkjenna. For meg betyr det at dei klassisk orienterte biskopane og meg sjølv ikkje godkjenner to syn, men altså tek til etterretning at slik er det – og har vore lenge.

– Vidare meiner eg at vi må kunna drøfta ulike løysingar i denne situasjonen utan å skulda kvarandre på den måten som nå har skjedd, seier Karl Johan Hallaråker.

– Uventa

Erik Furnes tok over etter Hallaråker som generalsekretær i ImF. På spørsmål frå Sambåndet om korleis han opplever utspelet frå forgjengaren, svarar han slik:

– Det var svært overraskande og uventa, både sjølve utspelet og kommentarane som har kome i tilknytning til dette. Sist gong ImF og krinsane hadde ei større uttale om kyrkjesituasjonen var hausten 2007, og den tok utgangspunkt i at ein ikkje kan leve med to uforeinlege syn i spørsmål som handlar om frelse og fortaping (sjå nedst på imf.no/ressurs/). Vi som har leia ImF sidan då, har etter beste evne prøvd å følgje dei retningslinjene som vart trekt opp den gong. Det gjeld korleis vi skal forhalde oss til menneske som står for vrang og splittande lære, og det handlar mellom anna om å byggje bibeltro nettverk på luthersk grunn for å vere ei støtte for krefter i Dnk som vil vere tru mot Guds ord. No opplever eg at Hallaråker gjev andre signal, og det overraskar meg.

Samla råd

– Får utspelet konsekvensar for måten ImF-leiinga vil forhalda seg til den nye kyrkjesituasjonen på?

– No er det viktig for vår leiargruppe å legge til rette for opne og gode samtalar i styremøte og ulike leiarmøte, ikkje minst i vinterens Rådsmøte. Det er også viktig å snakke saman med andre organisasjonar, kyrkjesamfunn og andre grupperingar. Derfor vil eg ikkje kome med føringar tidleg i prosessen som nokon kan oppleve som bindande. Alle som er opptekne av kyrkjesituasjonen, vil fange opp ulike utspel, også Karl Johan sitt, og så får vi arbeide oss fram til eit samla råd som har best mogleg tilslutning i organisasjonen, strekar Furnes under.

– Trur du utspelet frå Hallaråker får konsekvensar for det å nytta han som talar framover?

– Eg er ikkje i tvil om at Karl Johan framleis vil levere sunn og solid forkynning og teologi frå talarstolen, og ut over det vil eg svare generelt. Når ein stikk hovudet fram i spørsmål med stor spenning, slik som den kyrkjepolitiske situasjonen i dette tilfelle, kjem ein ikkje utanom at det i tillegg påverkar folks tillit. Tillit vert bygd eller nedbroten ved orda våre og oppførselen vår. Eg må leve med at forsamlingar og enkeltpersonar har ulik grad av tillit til meg, og det gjeld også for alle andre. Kven ein har tru for å kalle til å forkynne, må derfor vere tufta i dei styra som har ansvar for slikt, svarar generalsekretær Erik Furnes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.