Skeptisk til lov om kjønnsendring

Espen Ottosen er skeptisk til regjeringa sitt forslag til lov som skal gjere det enklare å skifte juridisk kjønn.

Den nye lova som blei behandla i statsråd fredag, gjer det mogeleg å skifte kjønn i folkeregisteret utan at det ligg føre ein bestemt diagnose eller ei medisinsk behandling. Lovproposisjonen seier blant anna at retten til å endre juridisk kjønn bør baserast på eiga oppleving av kjønnsidentitet.

– Eg har forståing for at regjeringa ønskjer å ta vare på transpersonar som synest dagens lovverk er problematisk, men eg er skeptisk til forslaget, seier Espen Ottosen til KPK.

Informasjonsleiaren i Norsk Luthersk Misjonssamband meiner at kjønn ikkje berre handlar om kjensler.

– Biologiske forhold bør òg leggjast vekt på. Derfor er eg skeptisk til at menneske skal kunne skifte juridisk kjønn berre basert på ei eigenerklæring.

Les òg: Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet uttalte seg om kjønnsskifte i ein artikkel i Vårt Land hausten 2014

Helse- og omsorgsminister Bent Høie deler ikkje Ottosens syn i saka.

– Lovforslaget er historisk ved at det ikkje lenger skal vere helsetenesta, men personen sjølv som fastset om han eller ho har endra kjønn. No tek vi enkeltmennesket på alvor. Alle skal få lov å vere den dei er, seier Høie i ei pressemelding.

Menneskerettar

Amnesty Internasjonal i Noreg kallar lovforslaget eit vendepunkt. Organisasjonen har lenge kjempa mot dagens krav om sterilisering og medisinsk behandling for å kunne endre juridisk kjønn. Dei har meint at dagens lovgiving bryt menneskerettane til transpersonar.

– Dette er ein viktig siger for alle som i mange år har kjempa for menneska sin rett til å vere seg sjølv. Vi synest det er svært gledeleg at norske styresmakter tek transpersonane sine menneskerettar på alvor, seier Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty International i Noreg til NTB.

Tredje kjønn

Helse- og omsorgsdepartementet skriv i lovproposisjonen at dei i høyringsrunden har motteke ønske om å heller innføre ein tredje kjønnskategori eller gjere all lovgiving kjønnsnøytral, men har valt å ikkje omhandle desse problemstillingane.

Espen Ottosen varslar at debatten ikkje er over.

– Sjølv om regjeringa har fått mykje støtte for dette forslaget, bør det peikast på at debatten ikkje no er avslutta. Mange meiner det er diskriminerande at det ikkje blir oppretta eit tredje kjønn. Sjølv om eg er skeptisk til om det faktisk finst eit tredje kjønn, synest eg ei slik løysing er mindre radikalt enn forslaget frå regjeringa, seier Ottosen.

– Det er meir naturleg at ein person som fullt ut er fysisk kvinne, blir registrert som eit tredje kjønn dersom vedkomande ønskjer det, enn at vedkomande skal reknast som mann, fortset han.

Også barn

Personar som har fylt 16 år, skal ifølgje den nye lova sjølv få fastsetje om dei vil endre det juridiske kjønnet sitt. Regjeringa foreslår også å senke aldersgrensa frå 18 til 16 år for å endre namn etter namnelova.

Også barn og unge mellom 6 og 16 år får høve til å skifte juridisk kjønn, med foreldra sitt samtykke. Dersom berre éin av foreldra samtykkjer, kan Fylkesmannen i Oslo og Akershus likevel godkjenne søknad om å endre juridisk kjønn dersom dette er til barnet sitt beste.

Barn under 6 år kan berre få endra juridisk kjønn dersom dei har ei medfødd usikker somatisk kjønnsutvikling. Tilstanden må då dokumenterast av helsepersonell. KPK

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.